Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft

Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

God+pinse

Sommmarvikarar 2022- pleie og omsorg

Me treng ferievikarar i perioden 01.06.2022 - 30.09.2022
- helsetun, institusjon
- kjøkken ved helsetunet
- heimebaserte tenester, og eventuelt dagsenter for heimebuande personar med  demens.

Kommunevåpen Aurland kommune

Ny koronasmitte i Aurland

Me har i dag fått melding om fire positive covid-19 testar i kommunen. 
Den eine er hurtigtest frå person som i helga var nærkontakt til smitta. Her sender me også inn PCR-test for verifisering. Dei tre andre er positive PCR-testar – der personar med milde symptom tok test 1. desember. Desse 3 har ukjent smitteveg.

Koronavirus_2

Fast 75 % stilling som helsefagarbeidar

Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst med meir. Aurland er ei naturperle med høge fjell og djupe fjordar med flotte turar og merka toppturar. Om vinteren er det kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Gol og             Hemsedal om du vil gå eller stå på ski. Vil du nyte god mat, har vi restaurant, kafe, bryggeri og bakeri.

Kommunevåpen Aurland kommune

Utviklingsprosjekt NAV region Sogn

Bakgrunnen for prosjektet er eit ønskje om at NAV sine tenester, både kommunale og statlege, skal bidra til ei positiv utvikling for regionen.

Etter eit omfattande analysearbeid som mellom anna omfatta folketalsutvikling, behovet for kvalifisert arbeidskraft og tilbakemelding til NAV frå brukarar og bedrifter vedtok styringsgruppa i mai følgjande mål:

«Næringslivet får i større grad dekka sitt behov for kvalifisert arbeidskraft ved at fleire - og særleg unge - som står utanfor kjem i arbeid».

NAV

Faste sjukepleiestillingar

Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode     oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.

 

Kommunevåpen Aurland kommune