Skulefritidsordning på Flåm skule
Vanleg opningstid ved skulefritidsordninga ved Flåm skule er frå kl. 07.30 – kl. 8.30 og frå skuleslutt til kl.16.00
Me er tre vaksne som jobbar ved SFO: May Britt Eraker, Amelia Banaszynska og leiar Eli Kristin Stave. Nokre av oss jobbar og som assistentar på skulen, og vert på den måten godt kjende med alle elevane.
SFO har eit stort fint uteområde. Me nyttar og skog og mark i nærområdet når me har høve til det. Når me er inne, nyttar vi for det meste skulekjøkkenet og gymsalen. SFO har eit nært samarbeid med skulen, og me prøver å skapa eit godt miljø som både born og vaksne kan trivast i.
Aurland kommune nytter Visma Flyt Skole som administrativt system for SFO. Her er det eigen foresattportal kor ein søkjer om plass, endrar eller seier opp plass eller søkjer om redusert betaling.
Veildedning for innmelding til SFO
Leiing/personal
Tenesteleiar har det overordna ansvaret for drifta av SFO. Dagleg verksemd vert leia og koordinert av SFO leiar. Det skal i regelen ikkje vera meir enn 12 born pr. vaksen.
Ferie og fridagar på skulen
Det er særskilt påmelding til skuleferiar og andre dagar elevane har skulefri.
Då samarbeider Sfo i Flåm og Aurland og har felles opphald anten ved ABU eller Flåm Skule. Det må til saman vera minst 5 påmelde for at Sfo skal halda ope slike dagar.
Påmeldingsskjema vert hengt opp i garderoben på Sfo i god tid før ferien.
De kan og ringa til Sfo og melde på borna, tlf: 97589522
FØREMÅL
-
Å vere ærleg
-
Rettferd
-
Nestekjærleik
-
Toleranse, respekt og solidaritet
-
Ansvar
-
Glede, humor og positiv merksemd
-
Samarbeid sfo, skulen, heimen
-
Sambruk av lokale med 1. kl.
-
Uteområdet til skulen
-
Gymsalen
-
Bibliotek
-
Skulekjøkken
-
Nærområdet vårt
SATSINGSOMRÅDE/AKTIVITETSOMRÅDE
Avslutning av dagen på SFO
Vedtekter for SFO
Gjeldande frå 01.08.2020
Fastsett av kommunestyret sak 027/20
§ 1. Eigartilhøve og drift
Aurland kommune eig og driv skulefritidsordningane (SFO).
SFO skal drivast etter reglane i Opplæringslova med forskrifter, og etter retningsliner gjevne av Kunnskapsdepartementet.
Kommunestyret fastset vedtekter for skulefritidsordningane i Aurland kommune.
Rektor har det overordna ansvaret for drifta av SFO.
§ 2 Føremål
SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod i tilknytning til skuletida for barn i 1.-4.årstrinn, og for barn med særskilte behov i 1.-7.årstrinn.
SFO skal legge til rette for eit trygt og godt miljø med vekt på leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna.
Med utgangspunkt i lokale tilhøve vert det kvart år fastsett ein aktivitets/utviklingsplan.
§ 3 Leike- og opphaldsareal
Leike- og opphaldsarealet innandørs skal minimum vere 4 m² pr. barn.
Lager, gang og toalett skal ikkje reknast som opphaldsareal.
§ 4 Opningstid og ferieavvikling
§4a Opningstid
Dagleg opningstid 7.30- 16.00
SFO held ope einskilde dagar og i feriar dersom det er 5 barn eller fleire som har behov for enkeltdagar.
SFO held ope på elevfrie dagar/kompetansedagar dersom det er 5 barn eller fleire.
SFO i Flåm og på ABU samarbeider i feriar og elevfrie dagar. SFO har fem planleggingsdagar i skuleåret og på desse dagane held SFO stengt.
§ 4b Ferieavvikling:
SFO er stengt 4 heile veker om sommaren.
Foreldre/ føresette må melde barnet på sommar-SFO seinast 15.april.
SFO held stengt julafta, i romjula, nyttårsafta og i skulen sin påskeferie.
Informasjon om påmelding til andre feriar og elevfrie dagar/kompetansedagar vert publisert ved oppstart av nytt skuleår.
§ 5 Opptak, søknadsprosedyre og oppseiing
Hovudopptaket til SFO skal lysast ut offentleg og søknadsfristen skal er 1.april.
Søknadar utanom hovudopptaket vert handsama fortløpande og barn får plass dersom det er ledig kapasitet.
Rektor og dagleg leiar for SFO er opptaksnemnd.
Søknad om plass, endringar og oppseiing av plass skal sendast inn elektronisk gjennom Visma Flyt Skole, https://skole.visma.com/aurland
Barnet har tildelt plass i SFO til den vert endra, sagt opp eller barnet går ut av 4. klasse.
Oppseiing og endring av plass i skuleåret har verknad frå den 1. i månaden og skal gjerast med minst ein månads varsel.
Etter vedtak av rektor kan barn mista plassen når:
Det ikkje vert betalt for plassen
Plassen vert nytta utover avtalt tid
Avslag på søknad og oppseiing kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.
Kommunens klageorgan er klageinstans.
§6 Opptakskriterie
Ved opptak skal desse barna ha førerett (ikkje prioritert rekkjefølgje):
Barn med særlege vanskar etter sakkunnig tilråding
Yngre barn går føre eldre barn
Barn med einslege føresette når føresette er i arbeid eller under utdanning.
Nytilflytta barn frå andre kulturar
Opptaket gjeld for heile skuleår. Når det ligg føre særlege grunnar som t.d. alvorleg sjukdom, kan barn takast inn for kortare periodar.
§ 7 Plassar og betaling
SFO har desse plassane:
Inntil 14 timar pr. veke
Meir enn 14 timar pr. veke
Einskilddagar kan kjøpast, men ikkje faste einskilddagar meir enn 3 veker på rad.
Kommunestyret fastset kvart år betalingssatsane, søskenmoderasjon (50% for barn nr 2, 75% vidare) og gebyr ved for sein henting.
For juni, august og desember skal det betalast for tal dagar SFO har ope. For dei andre månadane i skuleåret skal det betalast heil sats.
Når det vert gjeve tilbod om SFO plass utanom skuleruta, gjeld dagsatsar vedtekne av kommunestyret.
Rektor kan innvilga redusert betaling etter søknad frå føresette.
Ved for sein henting skal det betalast gebyr.
§ 8 Skyss
Skyss til og frå SFO er foreldra sitt ansvar.
Dersom eleven har rett til skuleskyss, fell denne retten bort dei tidene eleven nyttar SFO.
§ 9 Måltid
Det kan serverast eit lettare måltid pr. dag (t.d. suppe, brød, mjølk, frukt).
Matpengar kjem i tillegg til gjeldande betalingssatsar.
§ 10 Leiing og personale
Rektor har den overordna leiinga av SFO.
Når ordninga omfattar fleire fagpersonar / assistentar, skal det tilsetjast dagleg leiar med pedagogisk utdanning.
Det skal i regelen ikkje vere meir enn 12 barn pr. gruppe.
Dei som vert tilsett i SFO skal leggje fram politiattest. Personalet i SFO har teieplikt i alle forhold vedr. barna og deira heimeforhold, jmf. Lov om teieplikt (FVL)
Sørviserklæring SFO
I samarbeid med heimen skal skulen utvikla kunnskap, ferdigheiter og haldningar hos elevane. Det er grunnleggande for læring at elevane kjenner seg trygge og inkluderte i elevgruppa og mellom dei vaksne.
Mobbing, vald, diskriminering og trakassering er ulovleg.
Dei praktiske detaljane om SFO- og skuletilbodet er å finna på Flåm skule og Aurland barne og ungdomsskule sine heimesider.
Likeverd, ærlegdom og respekt er dei grunnleggande verdiane som skal prega alt arbeid og alle tenestene i Aurland kommune.
Kvaliteten på tenestene skal målast ved jamlege brukarundersøkingar.
Spørsmåla i desse brukarundersøkingane samsvarar med utvalet av arbeidsmål slik dei er formulerte under.
Alle tilsette i skulen og SFO skal arbeida for at:
- Elevane skal kjenna seg trygge og trivast på skulen, få vener og ta del i felles aktivitetar.
- Elevane skal ha trygt fysisk miljø ute og inne, ha stimulerande læringsmiljø og rett utstyr.
- Elevane skal oppleva trygge vaksne som ser behova deira, tek omsyn til den einskilde eleven, er trygge leiarar og gode forbilde.
- Elevane skal oppleva trygge og engasjerte vaksne som er saman med elevane i motiverande læringsaktivitetar og samtalar.
- Elevane skal oppleva respekt og støtte frå skulen ved at lærarane har positive forventningar til læringa deira og hjelper dei til å forstå kva som skal lærast.
- Elevane skal oppleva at dei får tilpassa faglege utfordringar som dei kan meistra.
- Elevane skal forstå kva som er læringsmåla for arbeidsøktene, få tilbakemelding på arbeidet sitt og få hjelp til å reflektera over korleis dei utviklar seg i faga.
- Elevane skal kjenna reglane som gjeld på skulen. Dei skal oppleva at skulen reagerer konsekvent når reglane blir brotne.
- Føresette blir gjort kjende med rettar og plikter dei har som føresette etter lovverket.
- Føresette blir gjort kjende med omgrep som «tilpassa opplæring», «meldeplikt» og korleis skulen sitt samarbeid med ytre støtteapparat, til dømes PPT, helse og barnevern fungerer.
- Føresette blir gjort kjende med vurderingssystema ved skulen, (kjenner til) klagerettar og saksgang i slike saker.
- Føresette blir gjort kjende med kva forventningar skulen har til dei som part i samarbeidet med skulen.
- Føresette skal få rett og nødvendig felles og personleg informasjon gjennom faste avtalte kanalar.