Linda Mannes er tilsett som kreftkoordinator
Linda Mannes er tilsett som kreftkoordinator

Kva kan kreftkoordinator hjelpa med?

  • Vera ressurssperson for den som er kreftråka og deira pårørande
  • Gi råd og rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt
  • Vera ein samtalepartnar som kan hjelpa å sortera tankar i ein vanskeleg situasjon
  • Vera bindeledd mellom pasient, fastlege, spesialhelsetenesta og kommunane, og formidle kontakt med dei ulike tenestene og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Koordinera og tilretteleggje kvardagen for kreftsjuke og pårørande på best muleg måte
  • Heimebesøk til pasient og pårørande
  • Vera ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft eller er pårørande av besteforeldre, føresatte eller sysken med kreft
  • Informere om ulike tenester og tilbod innan kreftomsorg

Ein treng ikkje tilvising eller søknad for å få kontakt med kreftkoordinator. Den kreftråka, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt.

Tilbodet er gratis