Litt om vegar og økonomi

I Aurland kommune er det no om lag 75 km kommunale veger inklusiv gang- og sykkelveger som kommunen har veghaldaransvar for. Me utfører nesten all brøyting sjølv.

Kommunal vegmynde

Å være kommunal vegmyndighet inneber blant annet behandling av søknader. Ansvaret for forvaltning av vegnettet er regulert etter fleire lover, bl.a. veglova, vegtrafikklova, men også i fleire andre lover.

Som veghaldar forvaltar kommunen eigarrettighetane til veggrunnen. Det betyr bl.a. at ingen kan ta i bruk veggrunn til anna enn trafikale føremål utan tillatelse.

Søknad om avkøyrsle

Kommunen behandlar og godkjenner søknader som gjeld avkøyrsle frå kommunal veg:

  • Bygging av ny avkøyrsle
  • Flytting av avkøyrsle
  • Endra bruk av avkøyrsle

Skal du sette opp garasje og må lage ny avkøyrsle til kommunal veg, eller flytte eller endre på ei eksisterande avkøyrsle? Då må du søkje om det. Skal bruken til avkøyrsla endrast, til dømes dersom fleire bueiningar vert knytt til avkøyrsla, må du søkje om løyve til utvida bruk.

Avkøyrsle frå kommunal veg

  • Opparbeiding/endring av avkøyrsle frå kommunal veg skal godkjennast av kommunen. Plassering og utforming skal visast på situasjonsplan.
  • Geometrisk utforming og krav til sikt skal vere i samsvar med Statens vegvesen sine normalar. Det skal i godkjenninga av avkøyrsla fastsetjast kva kategori veg det er snakk om (hovudveg, samleveg eller tilkomstveg). 
  • Stigning på avkøyrsla kan vere maks. 1:8 med utflating mot kommunal veg på 1:25 i minimum fem meters lengde. Dette skal dokumenterast ved lengdeprofil.
  • For avkøyrsle frå veg med veggrøft skal det leggast stikkrenne gjennom avkøyrsla. Minste diameter på rør skal vere 160 mm (6"). Til stikkrenne skal det nyttast vegrør eller tilsvarande rør med muffe (ikkje rørbitar eller rør utan muffe). Stikkrenna skal gå min. 0,4 meter utom fylling for avkøyrsla.
  • Avkøyrsle med tilhøyrande stikkrenne skal haldast ved like av grunneigar eller brukar, utan omsyn til kven som har bygt eller kosta avkøyrsla.
  • Dersom avkøyrsle vert bygt eller nytta i strid med godkjenning, kan det gjevast pålegg om at avkøyrsla skal stengast, endrast eller flyttast på den ansvarlege sin kostnad, jf. veglova § 42.
  • I tillegg til desse vilkåra spelar trafikktryggleik ei stor rolle. Det er t.d. ikkje ønskeleg med meir enn ei avkøyrsle til kvar eigedom og unødig breie/udefinerte avkøyrsler då dette kan gje eit uoversikteleg trafikkbilete. For mange avkøyrslar langs ei kort strekning er heller ikkje ønskjeleg. Fellesavkøyrsle bør difor nyttast der dette er mogleg.

Avkøyrsle i samband med frittståande garasje eller carport

Vert garasje eller carport plassert med innkøyring vinkelrett på veg er det sett eit krav om minst 5 meter avstand frå garasjeport / opning carport til eigedomsgrense mot veg.
Vert garasje eller carport plassert med innkøyring parallelt med veg er det krav om minst 2 m avstand frå bygningen til eigedomsgrense mot veg.

Ved etablering av ny avkøyring eller flytting av avkøyring skal søknad sendast Aurland kommune v/ Teknisk.

Søknad

Søknad om avkøyring som har tilknytning til tomtefrådeling eller byggetiltak skal sendast til Aurland kommune v/ Teknisk eining og løyve skal vera gjeve, før søknad om byggjeløyve eller frådeling vert sendt inn.

For avkøyrsle frå fylkesveg og riksveg skal søknaden sendast til Statens vegvesen.

Rettleiing frå Statens vegvesen

Digitale tenester

Avkøyrsle omfattar all slags tilknyting mellom offentleg veg og privat eigedom, dvs. området frå vegkanten til tilstøytande privat terreng. Som avkøyrsle reknar ein også tilknyting for fotgjengarar. Avkøyrsla må byggjast i samsvar med reguleringsplanen til kommunen og retningslinjer gitt av staten og kommunen. Vegstyresmaktene legg ei brei tryggingssvurdering til grunn. Dersom området ikkje er regulert, eller det ikkje er planar for avkøyrsle i reguleringsplanen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.


Kommunen har rettleiingsplikt og gir informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningslinjer som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.

Søknad om dispensasjon frå byggegrense til veg

En byggegrense er ein fastlagt grense for kor nær vegen du har lov til å bygge. Byggegrensen skal ivareta omsynet til trafikktryggleik, drift og vedlikehald av vegen, arealbehov ved framtidig utbetring, og miljøet på eigedomane langs vegen.

Dersom byggegrensen ikkje er fastsett i reguleringsplan eller i føresegner til kommuneplanen sin arealdel, gjeld veglova sine generelle byggegrenser. Veglova sine byggegrenser vert målt frå midten av veien:

50 meter til riksveg
50 meter fra fylkesveg
15 meter fra kommunal veg
15 meter fra gang- og sykkelveg

Søknadskjema og informasjon: 
https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/soknad-om-dispensasjon-fra-byggegrenser/send-inn-soknad-om-dispensasjon-fra-byggegrenser

Søknad skal sendast til Aurland kommune v/ Teknisk og løyve skal vera gjeve, før søknad om byggjeløyve vert sendt inn.

Les meir her: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/soknad-om-dispensasjon-fra-byggegrenser/dette-ma-du-tenke-pa

Vegleiing til tiltak og tema langs fylkesvegar og riksvegar finn du her: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.

Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.

I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.

Klageinstans er kommunens faste klagenemnd. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til klagenemnda for klagebehandling.

Det skal sendast tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga.