Byggesakstorget kvar tysdag og torsdag frå kl 13-15 har vi byggesakstorg.
Då kan du komme innom til oss på Rådhuset og få råd og rettleiing i byggesaker utan å ha gjort avtale på førehand.
Registrer deg elektronisk i besøksportalen i resepsjonen og send melding til sakshandsamar.  Sakshandsamar får
tekstmelding og vil hente deg i resepsjonen når det er ledig tid. Du kan vente i respesjonen.

Utan om byggesakstorg og telefontid er vi tilgjengeleg for dei som har gjort avtale på førehand om uformelt møte
eller førehandskonferanse.

Førehandskonferanse - bestill førehandskonferanse ved å sende mail til post@aurland.kommune.no.
Saman med bestilling av førehandskonferanse må du sende relevant
informasjon om tiltaket, inkludert kart.

Telefon –  Når sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg må du ringe til sentralbordet på telefon 57 63 29 00
og leggje att ein beskjed. Vi har som mål å følgje opp slike meldingar i løpet av eit par dagar.

 Tilbakemelding
Vi ynskjer å bli betre og tek gjerne i mot konstruktiv tilbakemelding. Tilbakemelding skal rettast til leiar
for forvalting og utvikling.