Etter utdelinga av kulturprisen i 2011, tok OOK til orde for å endre kulturprisen. Det vart laga sak, og tilrådinga vart å endre namnet til Aurlandsprisen.

Føremålet med Aurlandsprisen er å heidre nokon som har gjort ein spesiell innsats for bygdi i samsvar med statuttane.

Statuttane vart endra av kommunestyret 19.04.2012.

Aurlandsprisen skal lysast ut slik som før med dei same fristane.
 

Eit nytt punkt 3 i Statuttane seier at ”Framlegg som manglar grunngjeving, vert ikkje vurderte.”
 

OOK skal avgjere kven som får prisen på vegne av kommunestyret.

Aurlandsprisen skal innehalde ein sjekk på 10 000 kr og eit bilete laga av ein av elevane på Biletkunst ved Musikk og kulturskulen. Dersom denne ordninga vert avvikla, så blir bilete ein kopi av Vinjum sine trykk som skal pryde diplomet.

Ordføraren vil stå for den høgtidlege utdelinga av Aurlandsprisen under kaffien i siste kommunestyre før jul.