Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir no inkluderte i eit nytt “Pakkeforløp heim” for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Målet med denne ordninga er å sikra tryggleik og føreseielege forhold for deg som har fått ei kreftdiagnose, og at dine behov for oppfølging ut over sjølve kreftbehandlinga vert avdekte og følgde opp. 

Pakkeforløpet skal også bidra til auka fokus på livskvalitet, god helse og meistring for pasientane. 

Pakkeforløpet består av tre behovskartleggingssamtalar. Den første samtalen vert gjennomført i spesialisthelsetenesta / sjukehus. Dei to siste samtalane vert det tilbod om i kommunen, 3-4 månader og 12-18 månader etter ein kreftdiagnose. 

I Aurland kommune er det kreftkoordinator som inviterer til kartleggingssamtalar.

Pårørande kan delta i samtalane viss ein ynskjer det. Samtalane varer 45 – 60 min.

Du bestemmer sjølv om du vil takke ja til tilbodet.  

Meir informasjon finn du her: Pakkeforløp heim

Ta kontakt 

Har du spørsmål, ta kontakt med kreftkoordinator på telefon 97699266 (torsdag og fredag)