Skal du skjenkje alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

  • Ambulerande skjenkjeløyve- er ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkjestad, og gjeld berre skjenking i slutta selskap.  
  • Eit bestemt einskild høve - eit slikt løyve vert gjeve ved bestemte arrangement som td. festivalar og dansetilstellingar. Slike løyve kan gjevast enten som alminneleg løyve eller som løyve i slutta lag.

Det er ikkje nødvendig å søkje om skjenkjeløyve ved reint privat arrangement som td. bryllaup så lenge det ikkje vert teke betaling for drikke.

Skjema finn du her

Løyvet kan gjelde

  • Alkoholhaldig drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol
     
  • Alkoholhaldig drikk som inneheld over 4,7, men mindre enn 22 volumprosent alkohol
     
  • Alkoholhaldig drikk som inneheld mellom 22 og 60 volumprosent alkohol

Kriterium

All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annan form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år. Det er ikkje krav om greidd kunnskapsprøve ved denne typen løyver.