Teamet er eit lågterskeltilbod og du treng ikkje tilvisning for å be om hjelp frå teamet. Teamet møtes ein gong per månad og tek opp saker med sikte på å gje tilråding til vidare oppfylging.

Foreldre og barn over 16 år kan sjølv søkje om hjelp frå teamet, eller be om bistand frå tilsette ved skule, barnehage, helse osv. Når du søkjer om hjelp frå teamet har du høve til å vere med på møtet sjølv, eller få attendemelding i etterkant. Alt arbeid i Innsatsteamet skjer i samråd og etter samtykke frå den det gjeld.

Du finn meir informasjon i lenkene under, eller ved å kontakte leiar for teamet Unni Mette Flæthe»