Denne norma er ei oppdatert fellesnorm for kommunane Årdal, Lærdal Vik og Aurland (vedteken 2016) samt fellesnorm for kommunane Sogndal, Leikanger, Balestrand og Luster (2014)

I løpet av 2020/2021 har det blitt gjennomført ein oppdatering av VA-norma. Justeringar som er gjort undervegs er kun oppdateringar i høve lovkrav.

Som vedlegg til norma ligg standardteikningar, prinsipp, krav og sjekklister, malar og andre kravdokument.

VA - norm kan lastast ned her. 

Verksemder for vatn- og avløp er underlagt ei rekkje lover og forskrifter som regulerer og påverkar planlegging, utføring og drift av VA-anlegg. Dei viktigaste lovene og forskriftene er lista opp i norma. Det blir spesielt gjort merksam på at eit VA-prosjekt skal vurderast av fleire instansar i kommunen.

Denne norma inneheld dei tekniske krava som kommunen har vedtatt for å sikre teknisk kvalitet med omsyn til overordna målsetjing i planar og rutinar når kommunen skal eige, drive og vedlikehalde VA-anlegg.

Norma blir òg lagt til grunn for krav i samband med utbyggingsavtalar i kommunen.

Eit VA-anlegg må i tillegg til å tilfredsstilla desse krava, og tilfredsstilla krava i Plan- og bygningslova om godkjenning og kvalitetssikring. Planane skal òg leggjast til grunn av plan- og bygningsmyndighetene.

Ansvar og mynde for planlegging, prosjektering, drift og oppfølging av private initiativ i høve VA i kommunen ligg til Teknisk eining.