1. Generelt 
Desse reglane er heimla i vedtekter for Aurland kommune sitt konsesjonsavgiftsfond, godkjent av Kommunestyret den 01.11.2018 – sak 082/18.

§ 2 Føremål i vedtektene seier at Fondet skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Aurland kommune. Fondet kan og nyttast til kommunale tiltak som kjem inn under reglar for bruk av konsesjonsavgiftsfondet i Aurland kommune.

Fondskapitalen skal som hovudregel ikkje vera under 20 millionar kroner.

Fondet kan nyttast til fylgjande:
• Bedriftsutviklingstiltak
• Investeringar i bedrifter
• Kommunalt tiltaksarbeid (sjå pkt 7)
• Kommunale næringsretta grunnlagsinvesteringar (sjå pkt 7 og 8)

Retningslinene for tilskot til næringsføremål gjeld for alle typar næringsverksemd med forretningsadresse i Aurland kommune. Regionale selskap i Sognregionen kan og få tilskot til prosjekt/tiltak som går føre seg i Aurland kommune, eller der Aurland kommune er ein del av eit regionalt tiltak/prosjekt. Retningslinjer for tilskot til primærnæringane i landbruket finn ein i kapittel 5.

1.1. Handsaming og fullmakter
Rådmannen innstiller saker til fondstyret. Søknader på over kr 500.000 skal handsamast av kommunestyret.

For saker som gjeld rettleiing og kurs pkt 4.1, etableringskostnader pkt 4.2, opplæring pkt 4.7, arrangement pkt 4.8, landbruk pkt 5 og spreidd busetnad pkt 8 har rådmannen fullmakt til å ta avgjerd i saker i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande delegasjonsreglementet. Søknader som gjeld tilskot utover kr.100.000 skal handsamast og avgjerast av fondstyret.

Saker som er avgjorde av rådmannen skal refererast i fondstyret. Fondstyret tek avgjerd i saker som går utover rådmannen sine fullmakter.

Søknadane vert handsama to gonger i året innanfor budsjettramma. Søknadsfristane er 1. april og 1. oktober.

Unntak for søknadsfrist er rettleiing og kurs pkt 4.1, etableringskostnader pkt 4.2, opplæring pkt 4.7, arrangement pkt 4.8, landbruk pkt 5 og spreidd busetnad pkt 8. For desse vert søknadane handsama fortløpande.

1.2. Krav til søknaden
Føremålet med dette innhaldet i søknaden er at søkjaren skal vise at han/ho sjølv har vurdert utfordringane og mogelegheitene for å nå måla i prosjektet sitt. Krav til innhald i søknaden kan variere mellom prosjekta. Det stilles krav om at søkjar kontakter kommunen for innleiande samtalar og for avklaring av innhaldet i ein eventuell søknad. For landbruk gjeld som regel ikkje dette kravet til innhald dersom det ikkje er snakk om ny type næring. Det same gjeld for rettleiing og kurs pkt 4.1, arrangement pkt 4.8, regionale/lokale fellesprosjekt pkt 4.9, landbruk pkt 5 og tilskot til spreidd busetnad pkt 8.

Det er krav om eigenfinansiering på minimum 50 % av totalbudsjettet.
Eigenfinansieringen kan vera i form av eigne midler eller eigeninnsats, eventuelt ein kombinasjon av disse to. Eigeninnsatsen bereknast som 1,2 promille av nominell årslønn, maksimalt kr 600,- per time, dersom ikkje anna er avtalt. Med nominell årslønn meines den tilsette si avtalte årslønn ved utløpet av året. Betaling for ekstrainnsats som overtidsbetaling, bonusar og liknande reknast ikkje med i nominell årsløn.

For alle andre skal søknaden inneholde følgande opplysningar:

1. Dersom ein person er søkjar: 
Namn, adresse, telefon, e-post. Utdanning og yrkeserfaring
Dersom eit firma er søkjar:
Namn, org. nr, adresse, telefon, e-post. Bransje

2. Prosjektomtale:
Kva det søkes om støtte til. Omtale av forretningsidé, marknad, kunder, konkurranse. Søknadsbeløp. Forklåring om kvifor det blir søkt om stønad, og i kva grad midlene vil ha utløysande effekt.

3. Rekneskap:
Dette gjeld for etablerte verksemder

4. Investeringsbudsjett
Kva det skal investerast i og kor mykje. Alle summer eksl. Mva.

5. Finansieringsplan:
Oversikt over eigenkapital, banklån og eventuelle andre finansieringskjelder

6. Driftsbudsjett:
Oppstartsåret + 2 år.

7. Skatteattest

Søknader som manglar overnemnde opplysningar (1-7) vert ikkje handsama.
Søknader skal sendast elektronisk til Aurland kommune, post@aurland.kommune.no .

Resultatet av søknaden kan anten vere at tilskot blir gitt, handsaminga blir utsett eller at tilskot ikkje blir gitt.

1.3. Klage
Klage på vedtak gjort av rådmannen vert handsama av formannskapet som klageinstans.
Klage på vedtak gjort av fondstyret vert handsama av kommunestyret som klageinstans.

1.4. Andre tilskotsytarar
Søkjar må sjølv søke tilskot hjå evt. private tilskotsytarar. Dersom det er aktuelt å søka tilskot til same føremålet hjå andre offentlege instansar, t.d. Innovasjon Norge, vil dersom avtalt Aurland kommune kunne bidra i å koordinere prosessen.

1.5. Ekstern rådgjeving
Aurland kommune kan etter avtale dekke kostnadane for inntil 10 timar og maksimalt kr. 10. 000,- for ekstern rådgjeving hjå rettleiar. Sjå pkt 4.1. Tilskot under kr. 3000,- blir ikkje handsama.

1.6. Storleik på tilskot.
Disponible midlar til tilskot framgår av Aurland kommune sitt årsbudsjett for konsesjonsavgiftsfondet. Tilskot er difor i reglementet oppgitt i % av kapitalbehovet, med nokre unntak.

Støttebeløp opp til 200 000 euro kan på visse vilkår gis uten at det er naudsynt å få forhåndsgodkjenning av EFTAs overvåkningsorgan.

Eit prosjekt kan etter EØS-avtalen sin artikkel 61 motta stønad inntil 200.000 euro over ein treårsperiode - såkalla bagatellmessig støtte. For støtte til vegtransportsektoren (t.d. transportselskap) gjeld ein lågare terskelverdi på 100.000 euro (ca NOK 1 millionar) over tre år.

Tilskot utrekna til under kr. 50 000,- blir ikkje handsama, med unntak av rettleiing og kurs pkt 4.1, opplæring pkt 4.7, arrangement pkt 4.8 og landbruk pkt 5.

1.7. Samla tilskot
Samla bedriftsretta tilskot frå offentlege tilskotsytarar (t.d. Aurland kommune og Innovasjon Norge) og private tilskotsytarar (t.d. bankforbindelsen) kan ikkje overstiga 75 % av prosjektet sitt kapitalbehov.

Summen av alle offentlege tilskot kan ikkje overstige 50 % av prosjektet sitt kapitalbehov.

For landbruk, sjå punkt 5.

1.8. Utbetalingar
Tilskota blir utbetalt slik det vil gå fram av vedtaket. Dersom vedtaket ikkje nemner korleis utbetalinga skal skje, gjeld fylgjande:
- 50 % av tilskotet blir utbetalt når søkjar dokumenterer at minst 50 % av budsjetterte kostnadar er utført.
- Minst 10 % av tilskotet skal haldast attende til heile tiltaket er gjennomført og godkjend.

Oppmoding om utbetaling skal vere skriftleg (brev eller e-post). Ved avvik mellom beløpa i søknaden og faktiske kostnader vil det være dei faktiske kostnadane som avgjer kor mykje som blir utbetalt, avgrensa til beløpet i vedtaket.

Om ikkje anna er nemnt i tilsagnet, er det gyldig i 12 månader rekna frå vedtaksdato. Det kan gjevast forlenging dersom tungtvegande grunnar tilseier det.

1.9. Erklæring for mottak av tilskot
Vilkår for tilskot skal aksepterast skriftleg av søkjar seinast 3 veke etter at tilsagnsbrev er motteke. Dersom dette ikkje blir gjort, fell tilsagnet bort.

1.10. Rapportering
Mottakar av tilskot skal seinast 12 månader etter vedtaksdato rapportere status for prosjektet/tiltaket til Aurland kommune. Rapporten skal vise korleis prosjektet/tiltaket har utvikla seg samanlikna med planane.
Manglande rapportering kan medføre krav om tilbakebetaling av tilskotet, heilt eller delvis.

2. Spesielt om aksjer og andelar  
Fondet kan nyttast til å teikne andelar eller aksjer i tiltak når særlege forhold tilseier det, men avgrensa til 30% av verksemda sin aksjekapital. Midlane frå fondet er i utgangspunktet ein toppfinansiering. Søknad om støtte vert difor ikkje handsama før det vert dokumentert at andre finansieringsinstitusjonar er prøvd. Vidare vil det kunne stillast garanti for kommunale tiltak i den grad slike er gyldige garantiføremål i.h.t. §51 i kommunelova, jf. KRD sine forskrifter om kommunal garantistillelse.

3. Prioriteringar 
Tilskot blir prioriterte i samsvar med til ei kvar tid gjeldande handlingsprogram i Strategisk Næringsplan.

Ingen har krav på tilskot frå fondet. Alle prosjekt/tiltak vert vurdert i forhold til betydning, lønsemd og konkurransesituasjonen i kommunen.

Alle søknader vil bli vurdert med omsyn til tiltaket sitt potensiale etter følgjande kriterium:
- Sysselsetjingseffekt og sysselsettingsmoglegheiter for kvinner og ungdom
- Økonomien i prosjektet
- Samarbeidspotensialet (etablerte og andre potensielle samarbeidsløysingar)
- Innovasjons- /nyskapingsgraden
- Omdømebygging
- Miljø og folkehelse

Det blir ikkje gitt stønad til følgande:
Verksemder som mottar store overføringar over statsbudsjettet (unntak for primærnæringane)
-Tiltak som er starta
-Ordinær drift
-Sanering av gjeld
-Garanti for lån
-Kjøp av eigedom
-Innkjøp av farty
-Direkte eksportstønad**
-Fremming av innanlandske produkt på bekostning av importerte produkt**
-Innkjøp av køyrety**

**Jfr Kommisjonens forordning nr. 1407/2013 og forskrift av 14.11.2008 nr. 1213 § 2.

4. Tilskotsordningane

4.1. Rettleiing og kurs
Aurland kommune kan etter avtale betale for inntil 10 timar rettleiing hjå ekstern rådgivar for å imøtekomme innhaldet nemnt i punkt 1.2. Søkjar står fritt til å velje ekstern rådgivar så lenge Aurland kommune vurderer rettleiar å ha tilstrekkeleg kompetanse. Som alternativ til rettleiing kan kommunen betale eit etablerarkurs (sjå www.driftig.no). Etablerarkurs vil vere nyttig spesielt for unge og gründerar.

Tilskot til rettleiingshjelp blir gitt etter behovsvurdering, og vert nytta når kommunen sjølv ikkje kan gje slik hjelp. Rettleiingstimane skal ikkje nyttast til registrering av verksemda i offentlege register. Slike kostnader skal søkjaren dekke med eigne midlar.

4.2. Etableringskostnadar
Tilskotet kan nyttast til å dekke investeringar og generelle kostnader knytt til oppstart av verksemd. Eksempel på generelle kostnadar kan vera studietur, rådgiving/konsulent, marknadsundersøking, prøveproduksjon, opplæring etc.

4.3. Oppstartsfasen
Dersom det etter minimum 12 månader drift viser seg at det er eit vesentleg avvik mellom målet for etableringa og faktisk resultat, kan det søkjast om nytt tilskot. Feilvurdering av kostnadane i oppstartsfasen gjev ikkje grunnlag for auka tilskot.

4.4. Utviklingsfasen
Tilskot til bedriftsutvikling kan gjevast til etablerte verksemder. Tilskot kan nyttast til produktutvikling, kompetanseheving, prøvesal, marknadsføring, etterutdanning, kurs etc. Midlane kan nyttast til å dekke investeringar, planarbeid og driftskostnader spesifikke for utviklingsfasen.

4.5. Investeringar
Tilskot kan bli gitt til bygging, utviding av eksisterande bygg og modernisering eller ombygging av eksisterande bygg. Det kan og gjevast tilskot til investeringar i varige driftsmidlar.

Det kan søkjast om tilskot når investeringane er kr. 100.000 eller høgare. Etter 5. driftsår kan ein søkje om tilskot når investeringane er minimum kr. 200.000. Tiltak som tidligare har motteke tilskot og seinare skiftar eigar, kan ikkje få tilskot til dei same investeringane. Tilskot vert gjeve med inntil 10 % av godkjend investeringskostnad.

Dersom verksemda /arbeidsplassen flyttar ut av kommunen før det er gått 5 år sidan tilskotet vart utbetalt, må heile tilskotet betalast attende. Om tilskotet er utbetalt og investeringa ikkje blir gjennomført, skal tilskotet betalast attende fullt ut.

4.6 Tilpassing til offentlege krav
Etablerte bedrifter som vert påført vesentlege investeringskostnader som følge av nye generelle offentlege krav utan at dette utløyser auka inntening, kan søkje om tilskot og lån. Det er ein føresetnad at verksemda ikkje har gjennomført omfattande utbygging siste 5 år med kommunal medfinansiering, der desse pålegga med rimelegheit skulle vore innbakt. Nedre investeringsgrense for investeringskostnader utløyst av offentlege pålegg vert kr 150.000,-.

Det kan ytast tilskot med 30 % av kostnaden avgrensa til kr 100.000,-. Dersom det samstundes vert ytt lån til same føremål, vert lånedelen avgrensa slik at samla yting vert 30 %.

4.7 Opplæring
Verksemder i Aurland kommune kan få dekka inntil 50% av kostnadane igjennom felles norskopplæring for arbeidsinnvandrarar.

4.8 Arrangement
Det kan søkjast om tilskot til gjennomføring av arrangement. Øvre beløpsgrense for slike tilskot er avgrensa til kr 100.000,-.                                Beløpsgrense justert jamfør vedtak i kommunestyret 15.02.2024, arkivsaksnr. 2023/1264-4.

4.9 Prosjekt
Som omtalt i pkt 1 kan regionale selskap i Sognregionen og få tilskot til prosjekt/tiltak som går føre seg i Aurland kommune, eller der Aurland kommune er ein del av eit regionalt tiltak/prosjekt. Lokale selskap kan og få tilskot til fellesprosjekt/tiltak som omfattar deltaking frå fleire aktørar i Aurland kommune. 

5. Særskilte reglar for landbruk 

Vilkår for å søkja om støtte til omtala tiltak er at det er aktiv drift på landbrukseigedomen og at søkjar har rett på produksjonstillegg. Det blir ikkje gjeve tilskot til tiltak som er starta opp.

Dersom omsøkt tiltak krev løyve/godkjenning frå offentleg myndigheit, er søkjar sjølv ansvarleg for å ordna dette. Døme på slikt løyve er byggjeløyve, godkjenning av plan for nydyrking, godkjenning av landbruksveg.

Før søknad vert sendt inn, skal Felles Landbrukskontor ÅLA kontaktast.

Tiltak som legg til rette for eit meir miljøvenleg landbruk – «det grøne skifte» – skal prioriterast ved tildeling av tilskot.

Tilskot utrekna til under kr 10 000,- vert ikkje handsama. 

Godkjend sats for eige manuelt arbeid: kr. 350 pr time. 

Kommunen kan gje støtte til fylgjande prioriterte satsingsområde (tiltak):

 

TiltakTilskotVilkår
Kjøp av mjølkekvotarInn til 40% av kostnad med kjøp av mjølkekvote.

Max 250 000 pr søknad

Utbetalt tilskot skal betalast attende dersom tilskotsmottakar sel kvoten innan 5 år frå kvoten vart kjøpt.

Løyvd tilskot vert utbetalt når det ligg føre dokumentasjon på kjøpet.

Mindre investeringar –( ikkje vedlikehald)- på bygningar som vert nytta i gardsdrifta t.d husdyrrom, lager for frukt og bærInn til 30% av godkjend kostnadTiltak som mottek tilskot skal vere i tråd med offentleg krav og vilkår.
Eigedomsoverdraging

Inn til 30% tilskot til kostnad med overtaking av driftsapparatet (lausøyre og driftsbygning) i samband med ny eigar på gardsbruk.

Tilskot per eigedomsoverdraging er maks kr 60 000.
 

Støttemottakar må personleg bu- og driva eigedomen i minst 5 år for å få slik støtte.

Ordninga gjeld i inn til fem år etter overtakingsdato.

Nydyrking10 000 pr daa for areal som har godkjend plan for nydyrking.Arealet må haldast i hevd med aktiv jordbruksproduksjon i minst 5 år. Tilskot skal søkjast på etter godkjenning av areal. 
LandbruksvegarInn til 20% tilskot av godkjend kostnad til landbruksvegar som skal nyttast til tilkomst til beite, eller uttak av skogsvirke.

Vegklasse: 8 eller betre.

Landbruksvegar som får statsstøtte har ikkje rett på kommunale midlar.

For å få utbetalt løyvde midlar, skal det liggja føre godkjent rekneskap.

Dyrking av frukt og bær

Inn til 40% av godkjend kostnad til etablering av plantefelt.

Maks tak for offentleg midlar per prosjekt er inntil 40% tilskot. 

Auka verdiskaping på gardsbruket.

Prosjekt som får støtte frå Innovasjon Norge, kan få kommunal støtte i tillegg. 

Tilleggsnæring
–som til dømes oppleving, reiseliv, lokal mat
Vert handsama etter gjeldande reglar i kommunen.Auka verdiskaping på gardsbruket.
Kompetanseheving

Inn til 50% av kostnad med kurs og anna kompetanseheving.

Maks sum pr. søkjar

kr 30 000

Det må liggja føre rapport og rekneskap før løyvde midlar vert utbetalt.

Omlegging til Økologisk drift

 

Kr 20 000 fyrste året av omleggingsperioden

Kr 20 000 ved DEBIO-godkjenning

Drifta må vera DEBIO-godkjenning i minst 5 år. Elles kan tilskotet trekkast tilbake.

Punkt 5. Særskilte reglar for landbruk er justert jamfør KS-013/23 vedtak Landbruksplan ÅLA 2023-2025, (09.02.2023).  

6. Lånevilkår 
For lån som vert gjevne, må det sikrast pant i søkjaren sin faste eigedom, pant i driftsutstyr eller i fullgod pant i leigerett.

Rentesats skal primært bli fastsatt i samband med årsbudsjettet til kommunen, men rentesatsen kan endrast av kommunestyret når kommunen elles finn det naudsynt.

Følgjande standardvilkår skal gjelda for lån i Næringsfondet:
• Lånegrensa er 30% av kapitalbehovet.
• Så lenge lånet ikkje er nedbetalt, må tiltaket ikkje flytta ut av kommunen utan at fondsstyret gjev samtykke. Låntakaren skal driva den verksemda som er føresett for lånet.
• Lånetilsegn vert konvertert på grunnlag av byggerekneskap eller tilsvarande, og etter at det er godtgjort at arbeidet er utført, maskiner anskaffa m.v. i samsvar med godkjende planar innanfor ramma av den oppsette finansieringsplanen.
• Låntakar skal etter krav leggja fram revidert rekneskap, årsmelding eller driftsrapport for verksemda si.
• Pant skal haldast forsvarleg vedlike, trygdast m.m. og elles ikkje forringast utover slitasje og elde utan at det vert skriftleg opplyst til og godkjent av fondet.
• Heile lånet forfell til betaling dersom lånevilkåra vert misleghaldne eller at det vert handla i strid med føresetnadene.
• Eit lån kan etter søknad gjevast renteutsettelse og avdragsfritt ei viss tid.
• Dersom avdrag og renter ikkje vert betalte i rett tid, og dette etter søknad ikkje er godkjent, skal det betalast etterskots- og rentesrente m.p.t. 3,5% p.a. over den ordinære renta.
• Kommunen kan setje vilkår som gjeld driftstilhøva og om kompetanseutvikling hjå søkjaren.
• Kommunen kan når som helst fastsetje nye rente-, avdrags- og oppseiingsvilkår.

7. Kommunalt tiltaksarbeid og grunnlagsinvesteringar 
Døme på dette kan vera:
• Næringsplanlegging.
• Stadsutviklingsprosjekt.
• Kompetanseutvikling.
• Samarbeidstiltak/fellestiltak.
• Kjøp og opparbeiding av tomtegrunn for næringsutbygging.
• Oppføring og utviding av næringsbygg i kommunal eller privat regi.
• Planlegging og utbygging av næringsareal, sentrumsområde, bustadområde og anna.

8. Tilskot til spreidd bustetnad 
Føremålet med tilskotsordninga er å redusera presset mot kommunale bustadfelt, og stimulera til spreidd bustadbygging. Stønadsordninga skal vera eit bidrag til å redusera ekstrakostnader til veg, vatn og avlaup ved husbygging utanfor tilrettelagde bustadfelt.

Kommunen skal opplysa om tilskotsordninga i samband med førehandskonferanse.

Alle søknader krev førehandskonferanse.

Henvending og søknader rettast til teknisk eining i Aurland kommune.

1.Aurland kommune kan gje inntil 200 000 kroner i tilskot til oppføring av ny heilårsbustad utanom regulerte byggeområde med kommunal infrastruktur.

a) Ordninga gjeld for frittliggjande bygning som tilfredsstiller bygningslovgjevinga sine krav til heilårsbustader, er oppførd på sjølveigande eller festa tomt, og som blir nytta av eigaren til fast busetnad på heilårsbasis.

b) Bustadhus nr. 2 på gardsbruk er rettkome tilskot etter desse reglane når pkt. 1 a. er tilfredsstilt, og eigedomen ikkje har fått tilskot til spreidd busetnad tidlegare.

c) Ordninga gjeld berre for personlege søkjarar, og ikkje for firma.

2. Ordninga omfattar ikkje:

i. oppattføring av bustad etter brann, naturskade o.l. der forsikring dekkar oppattbygginga

ii. bustader i regulerte byggeområde med tilkomst frå offentleg veg når bygningane blir knytte til kommunalt vassforsynings- og avløpsnett.

iii. bustader i privat regulerte byggefelt der kommunen i medhald av § 67 pkt.4 i plan- og bygningslova overtek vedlikehaldet av veg, hovudavløpsleidning og hovudvassleidning

3. Tilskotet blir tilvist for utbetaling når det føreligg bruksløyve eller ferdigattest for bygningen samt dokumentasjon på utlegg.