Bestilling av time

Fysioterapitenesta gjeld for alle som bur eller har mellombels opphald i Aurland kommune. 

Når du har fått tilvisning til fysioterapi kan du senda den til Aurland fysioterapi, Vangen 1, 5745 Aurland.

Alternativt kan du ta direkte kontakt med fysioterapitenesta ved å leggja att namn og telefonnummer til personalet ved Kommunetorget, jamfør ordninga med direkte tilgang til fysioterapi (DTF). Fysioterapeut tek så kontakt for ein screeningsamtale for å kunne vurdera om det er indikasjon for fysioterapi, om det er behov for meir dokumentasjon, eller om det er naudsynt å tilvise til lege eller anna helsepersonell.

Fysioterapeuten ringer deg, eller stadfester i brev, at tilvising eller bestilling er mottatt. Oppstartstidspunkt vil variere med bakgrunn i fagleg vurdering av fysioterapeut.

Avbestilling eller endring av time

Har du ikkje høve til å møte til avtalt time, må du avbestille timen seinast eit døgn før.

Timar som vert avbestilt under eit døgn, må betalast i sin heilheit.

Ta kontakt på telefon 57 63 20 20. Kommunetorget på Rådhuset formidlar beskjed til fysioterapeutane.

Betaling

Alle betaler eigendel ved konsultasjon hjå fysioterapeut. Unntak er barn under 16 og pasientar med godkjend yrkesskade. Du finn meir info på nettsida til helsenorge.no/betaling-for-helsetjenester/betaling-hos-fysioterapeut

Det vert sendt faktura for eigendel. 

Helfo - Eigendel

Transport

Ved spørsmål om transport til og frå fysioterapi, ta kontakt med din fysioterapeut, eller sjå meir info på nettsida til helsenorge.no/rettigheter/pasientreiser