Det klare utgangspunkt er at eit kvart tiltak (byggeprosjekt) skal vere i tråd med gjeldande føresegner i lover, forskrifter og arealplanar (kommune- og reguleringsplanar).  

Dersom du ynskjer å bygge, rive eller endre noko som er i strid med lov, forskrift, eller reguleringsføresegner for eigedomen, må du søke om dispensasjon frå regelverket. Du kan søke om permanent eller mellombels dispensasjon. Du kan ikkje søke om dispensasjon frå sakshandsamingsreglane. 

 

Når kan du få dispensasjon?  

Utgangspunktet er at lover, forskrifter og føresegner skal følgjast til dei endrast eller opphevast. Det skal ikkje vere kurant å fråvike føresegner, og det skal krevjast ein god og fagleg grunngjeving.

Plan- og bygningslova (pbl.) § 19-2 stiller opp to hovudvilkår for dispensasjon. For at det skal kunne gis dispensasjon må søknaden grunngjevast og syne at følgjande vilkår er ivaretekne:  

1. Omsyna bak reglane du søker om dispensasjon frå, må ikkje bli vesentleg tilsidesett. 
2. Fordelane ved å gje dispensasjonen må vere klart større enn ulempene. 

Du bør kunne grunngje fordeler og ulemper i eit objektiv perspektiv, utover eigne personlege tilhøve som til dømes plassbehov eller økonomi.  
 

Slik søker du om dispensasjon 

Dispensasjonssøknaden vert skrive som eit vanleg brev og sendt saman med byggesøknaden til post@aurland.kommune.no. 


Søknaden må innehalde:

  • kven som er tiltakshavar og søkar
  • kva eigedom søknaden gjeld (adressa, gards- og bruksnummer)  
  • kva prosjektet inneber (dersom dette ikkje går fram av byggesaka) 
  • kva regler du søker dispensasjon frå 
  • om tiltaket er permanent eller mellombels
  • vurdering av kva konsekvensar tiltaket kan ha for samfunnstryggleik/naturfare, kulturminne, friluftsliv og naturmangfald
  • grunngjeving etter pbl. § 19-1 og vurdering av vilkåra i pbl. § 19-2  
  • opplysningar som syner at dispensasjonen er nabovarsla, og eventuelle innkomne fråsegn frå naboar 
  • dersom prosjektet ditt er unnateke søknadsplikt, men likevel avhengig av dispensasjon, må du òg leggje ved teikningar og situasjonsplan
  • opplysningar om kva andre dispensasjonar det (eventuelt) er søkt om - til dømes dispensasjon frå veglova og/eller jordlova
     

Gebyr for sakshandsaming 

Gebyret for handsaming av søknad om dispensasjon er det same uavhengig av om du får innvilga dispensasjon eller ikkje. 

  
 

Døme på når du må søke om dispensasjon: 

 

For kort avstand til nabogrense 
Hovudregelen er at bygningar skal plasserast minst 4 meter frå nabogrensa. Er det oppgjeve ei byggegrense for din eigedom, må heile bygningen plasserast innanfor denne grensa. Dersom bygningen vert plassert i strid med dette, må du søke om dispensasjon. Dersom du har samtykke frå dei naboane tiltaket kan få følgjer for, eller dersom det aktuelle tiltaket har eit bruksareal eller bygd areal på mindre enn 50 kvadratmeter, kan kommunen godkjenne ei plassering nærare enn 4 meter frå naboen. 
 

For kort avstand til veg 
Når du bygger, skal avstanden til midten av regulert kommunal veg vere minst 15 meter, og avstanden til midten av regulert riksveg skal vere minst 50 meter. Dersom du skal bygge nærare vegen enn dette må du søke om dispensasjon frå avstand til veg.