Vedtatt samfunnsdel
Kommunestyret vedtok ny samfunnsdel til kommuneplanen for Aurland kommune 3.nov 22.
Kommunestyret vedtok ny samfunnsdel til kommuneplanen for Aurland kommune 3.nov 22.
Samfunnsdelen til kommuneplanen er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 27.juni til 5.september 2022. Her finn du samfunnsdelen med tilhøyrande høyringsdokument.
Administrasjonen arbeider no med å utarbeide høyringsutkast. Målet er å leggje ut planen på høyring før sommaren og vedta planen i løpet av hausten 2022.
I den første innspelsrunden til samfunnsdelen fekk me inn rundt 50 innspel, der halvparten var frå einingane i kommunen og halvparten var frå innbyggjarane og overordna myndigheiter. Nedanfor ser du eit samandrag av alle innspela fordelt på tema.
Framover skal administrasjonen arbeide med eit utkast til ny samfunnsdel. Neste høve til å gje innspel er når planen blir lagt ut på høyring.
Du kan møte oss på butikken på tysdag og laurdag for å gi innspel, stille spørsmål og få informasjon om korleis du kan bidra i arbeidet med samfunnsdelen.
Tysdag 2.feb kl.15-17: Undredalsbui og framføre Coop i Flåm
Laurdag 6.feb kl.12-14: Joker Gudvangen og framføre Spar på Aurlandsvangen
I samband med arbeidet med samfunnsdelen arrangerer Aurland kommune fleire temamøte om lokalsamfunn og næring i februar. Her får du informasjon om tidspunkt og påmeldingsfrist.
Du kan sende inn innspel ved å svare på spørsmåla nedanfor eller sende inn generelle innspel.
Aurland kommune har starta arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen. Samfunnsdelen styrer samfunnsutviklinga til kommunen dei neste tolv åra og derfor ønskjer me at så mange som mogleg bidrar i planprosessen. Her kjem informasjon om korleis du kan bidra.
Bur du i Aurland kommune? I dei næmaste vekene kan du bli oppringt av Sentio Research Group. Sentio ringer frå eit telefonnummer i serien 61409150-6140959 eller 74605730.
Arbeidet med samfunnsdelen starta opp i september. I første omgang vart det arbeida med planprogrammet, mens no er det fokus på planlegging av opne møte og det er starta på nødvendige utgreiingar.