Flåm barnehage ligg på Lunden i Flåm. Den har 2 avdelingar.

Blåklokka: 9 heile plassar for barn 0 – 3 år

Pedagogisk leiar
Therese Vindedal
tlf 57 63 29 25

Marihøna: 18 heile plassar for barn 2 – 5 år.

Pedagogisk leiar:
Helene Terum Andreassen
tlf 57 63 29 25

 

Aurland kommune nytter Visma Flyt barnehage som administrativt system for barnehage. Her er det eigen foresattportal kor ein kan søkje om plass, endre plass, redusert betaling og gratis kjernetid. Sjå link under for informasjon om bruk.

Vedtekter for kommunale barnehagar Aurland

Vedtekter for kommunale barnehagar Aurland - vedtekne av kommunestyret sak 020/19 28. mars 2019:

§ 1 Eigar
1. Aurland kommune er barnehageeigar med tilsynsplikt for kommunale barnehagar og tilsynsplikt for ikkje-kommunale barnehagar. 

§ 2 Forvaltning, drift, samarbeidsutval
1. Rådmannen er forvaltningsansvarleg.
2. Aurland kommune driftar 2 kommunale barnehagar. 
3. Kommunale barnehagar skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, Opplæringslova, gjeldande føresegner frå Kunnskaps-departementet, Forskrift om Miljøretta helsevern, kommunale vedtak og planar for den einskilde barnehagen.
4. For å sikre samarbeidet med barna sin heim, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. Desse skal få framlagt alle viktige saker som vedkjem barnehagen. Foreldrerådet er samansett av foreldra/dei føresette til alle barna i barnehagen.
Samarbeidsutvalet er samansett av foreldre/føresette og tilsette i barnahagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Eigaren av barnehagen har ein representant i samarbeidsutvalet.
Leiaren i forledrerådet i den einskilde barenhage representerer barnehagen i kommunale barnehagar sitt felles samarbeidsutval.

§3 Føremål

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane. 

§4 Barnehageåret og opningstider
1. Barnehageåret vert rekna frå 15. august eitt år til og med 14. august året etter, og blir i praksis justert slik at faktisk start- og sluttdato for barna følgjer skuleruta. Barnehagane sine daglege opningstider kan variera etter brukarbehovet innafor ei tidsramme på 9,5 timar frå 07.00 – 16.30.
2. Barnehagane er stengte julaftan, i romjula (dagane mellom jul og nyttår), nyttårsaftan og heile påskeveka frå palmesundag til og med 2. påskedag og 5 kurs- og planleggingnsdagar gjennom året.
3. I sommar-, haust-, og vinterferien, der føresette melder barnehagebehova sine spesielt, skal barnehagane samarbeida om opningstider. Då vil èin eller fleire barnehagar kunna stengja inntil 4 veker. Dersom barnehagen barnet tilhøyrer stengjer og barnet skal nytte eit tilbod i ein annan barnehage, skal det fylgje ein kjend barnehagetilsett med til den opne barnehagen.
 
§5 Opphaldstider
1. Alle barnehagane skal ha ei dagleg tilbod for det einskilde barn på maksimalt 9 timar opphaldstid, men start- og slutttidspunkt på dagen kan variera etter dei føresette sine ynske. 
2. Kommunale barnehagar tilbyr 100% plass (5 dg/veke) og 50% (3/2 dg/veke).

§ 6 Søknad om plass
1. Alle søknader om ny plass, endring av plass eller oppseiing av plass, skal skje elektronisk på eige skjema. Ver spesielt merksam på under hovudopptaket, å prioritera minst 3 alternative barnehagar, og ikkje berre søkja opptak ved èin barnehage.
2. Ikkje-norske statsborgarar får eige skjema ved å venda seg til tenesteleiaren.

§ 7 Opptak
1. Opptaket blir gjort samla for Kommunale barnehagar og den ikkje-kommunal barnehagen, Spiren gardsbarnehage. 
2. Føresette som er busette i Aurland kommune har førerett til plass for barna sine i Kommunale barnehagar. Desse barna får behalda plassen til han blir sagt opp, eller til barnet går over i skulen, medan barn av føresette som bur utanfor Aurland kan få plass for eitt år om gongen.
3. Hovudopptaket til nytt barnehageår er 1. april etter kunngjort søknadsfrist. 
Dei som søkjer utanom hovudopptaket får tildelt eventuelle ledige plassar.
Det blir ikkje tildelt plass mellom 1.mai og 15.august.
4. Barn som får opptak etter kriteria i § 8 har førerett. 

§ 8 Prioritering etter opptakskriteria ved opptak
Det er opptakskriteria som avgjer tildeling av plass, ikkje tidspunktet for søknaden.
1. Barn som fyller eit år før ut gangen av november det året dei søkjer om barnehageplass, har rett til barnehageplass frå starten av nytt barnehageår i heimkommunen. 
2. Barn med nedsett funksjonsevne eller med vedtak etter lov om barnevernstenester 
3. Barn i ein vanskeleg livssituasjon 
a)Ved søknad om opptak etter opptaksreglane pkt. 2 eller 3 skal det leggjast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som t.d. helsestasjon,  sosialkontor, barnevern eller pedagogisk psykologisk tenestekontor. Av dokumentasjonen må det gå klart fram kvifor barnet har særleg trong for barnehageplass framfor andre born
b)Opptak etter punkt 1, 2 eller 3 gjev barnet førerett ved opptak, men ikkje rett til barnehageplass i ein bestemt barnehage 
4. Barn som har trong for språkleg og kulturell integrering og der begge foreldra er tospråklege/framandspråklege
5. Barn som har plass i barnehage og som ynskjer å endra opphaldstid eller å byta barnehage 
6. Sysken har førerett til å få plass i same barnehage 
7. Eldre barn blir prioriterte framfor yngre barn 

§9 Klage på vedtak om opptak
1. Søkjarar som får avslag på søknad om plass i Kommunale barnehagar under hovudopptaket, og som har prioritert 3 alternative barnehagar, skal gjerast merksam på rett til klage, retten til grunngjeving og retten til innsyn jfr. Forskrift nr. 1477 til bhl §12. 
2. Formannskapet er klagenemnd. 

§ 10 Helse
1. Før barnet byrjar i barnehage, skal det leggjast fram fråsegn om barnet si helse frå helsestasjonen. 
2. Dersom barnet har møtt til dei ordinære undersøkingane på helsestasjonen, kan slik fråsegn gjevast av barnet sine føresette på eige skjema, Opplysningar og samtykke, som ligg ved skrivet om tildelt plass i barnehage.
3. Alle barn i barnehagen er skadeforsikra i barnehagetida samt under transport direkte til og frå barnehagen. 

§ 11 Ferie
1. I løpet av barnehageåret skal alle barn ha 4 veker ferie. 
2. Barnet skal i løpet av barnehageåre ha 3 veker samanhengande ferie. 
3. Alle avtalar om ferie skal gjerast med den einskilde barnehage seinast 15. april.
4. Barn som sluttar i barnehagen for å gå over i skulen, skal avvikla ferien innan 15. august.

§12 Foreldrebetaling
1. Kommunestyret avgjer kvart år satsane for foreldrebetaling. Det er eigen sats for kjøp av einskilddagar. Matpengar kjem i tillegg.
2. Betalinga skal skje i 11 like månadssatsar. Juli er betalingsfri månad. 
3. Søskenmoderasjonen 50 % for 2. barn og 75 % for kvart barn vidare.
4. Dersom føresette ikkje betalar for barnehageplass, kan barnet mista plassen. 

§13 Fritak for foreldrebetaling 
1. Føresette til barnehagebarn som lir av ein alvorleg sjukdom som hindrar barnet i å bruka barnehageplassen, kan få fritak for foreldrebetaling frå den 1. dagen i den etterfølgjande månaden.
2. Dersom alvorleg sjukdom gjer at barnet (pkt. 1), berre kan vera i barnehagen i periodar, skal det betalast ein dagspris lik 1/25 av månadsprisen.
3. Barn som får særskilt tilpassa opplegg etter opplæringslova § 5-7, får betalingsfritak for dei dagane dei har slikt opplegg etter dagsprisprinsippet.
4. Tospråklege barn, der minst den eine føresette er norsk, kan få permisjon og betalingsfritak èin gong, for inntil 4 mnd i heile barnehageperioden, for å sikra morsmålsinnlæring ved besøk i den framandspråklege føresette sitt heimland. Ferietid som barnet har til gode, skal trekkjast frå.
5. Føresette som har redusert betalingsevne, kan søkja om helt eller delvis betalingsfritak. Søknaden vil bli handsama etter tilråding frå NAV og barnevernet. 

§14 Oppseiingsfrist
1. Barnehageplass kan seiast opp frå den 1. i kvar månad med minst ein månads oppseiingstid. 

§15 Levering og henting
1. Alle barn må vera komne i barnehagen seinast 09.30, for då startar dei felles pedagogiske aktivitetane.
2. Alle barn skal hentast før barnehagen si stengjetid. For sein henting medfører plikt til å kvittera på eige skjema og gebyr etter eigen betalingssats, vedteken av kommunestyret.

Tenesteerklæring for kommunale barnehagar

Vedteken i K-sak 088/12 ,14.06.2012.

Kva er ei tenesteerklæring?
Skriftleg informasjon til brukarane som konkret beskriv innhaldet i ein teneste, vilkår tenesta vert gjeve på, og måten tenesta vert overlevert på. Ei tenesteerklæring verkar moralsk forpliktande for tenesteytaren, men inneheld ikkje reglar om kompensasjon dersom brukaren ikkje får den erklærte servicen. (kommunestyresak 030/05)
 
Kva er målet med tenesta?
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
 
Kva er tenesta?
Tenesta skal, i samarbeid og forståing med heimen, tilby eit omsorgs- og læringsmiljø som er til barna sitt beste.
Tenesta er eit pedagogisk og tilrettelagt barnehagetilbod i tråd med gjeldande lover, forskrifter og vedtektene for KBA.
 
Kven gjeld tenesta for?
Alle barn under skulepliktig alder og barn med utsett skulestart (alder 0 – 6 år), som er busette i Aurland kommune. Barn som ikkje bur i Aurland kommune kan få plass for eitt år om gongen. Prioritering ved opptak skjer etter §8 i vedtektene for KBA.
Innhaldet i tenesta: 
-       Barnehagen skal møta barna med tillit og respekt, og ta barndommen sin eigenverdi på alvor
-       Barnehagen skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vera ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap
-       Barna skal få oppleva skaparglede, undring og utforskartrong
-       Barna skal læra å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen
-       Barna skal utvikla grunnleggjande kunnskap og dugleikar
-       Barnehagen skal byggja på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane
-       Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeida alle former for diskriminering.
-       Barnehagen skal møta dei føresette med respekt og vilje til samarbeid og tilpassing for det einskilde barnet
-       Barnehagen skal, med utgangspunkt i Rammeplanen, utvikla planar for kvart barnehageår og for kvar veke, slik at føresette alltid er godt orienterte
-       Barnehagen skal levera månadlege vurderingar av aktivitetane i barnehagen
-       Barnehagepersonalet skal vera tilgjengeleg dagleg for samtale i leverings- og hentesituasjonen
-       Barnehagen skal hjelpa til med å ivareta helsa til barnet i samarbeid med føresette slik helsesyster, lege og Folkehelseinstituttet tilrår.
 
Tenesta omfattar ikkje:
-       Omsorgsansvar utover den plassen barnet har, med mindre dette er spesielt avtalt for einskildhøve
-       Omsorgsansvar i strid med tilråding frå helsesyster, lege og/eller råd frå Folkehelseinstituttet
-       Tenester som ikkje er i tråd med denne erklæringa, som ikkje ligg innafor budsjettrammene til KBA eller tenester som ikkje er heimla i lovverket
 
Kor lenge varer retten til tenesta?
Barn som er busette i Aurland kommune får behalda plassen til han blir sagt opp, eller til barnet går over i skulen. Barn av føresette som bur utanfor Aurland har plass for eitt år.
Dersom føresette ikkje betalar for barnehageplass, kan barnet mista plassen.
 
Kva kan brukaren venta av tenesta?
-       At barnehagen vert driven slik lover, forskrifter og kommunale vedtekter bestemmer
-       At tilbodet er i stor grad brukarorientert
-       At barnehagane legg vekt på at barnegruppa skal fungera godt, og at det er balanse med omsyn til alder, kjønn og born med og utan særlege behov
-       At barna får tilpassa tilbod som tek omsyn til både einskildbarn og gruppa sine behov
-       At personalet er kompetent, engasjert og interessert i å samarbeida både med barn og føresette
-       At barna får servert næringsrik mat i barnehagen slik føresette ynskjer
-       At det er open tillitsfull dialog mellom tilsette i barnehagen og dei føresette
-       At barnehagen er ein god, trygg, sosial og kulturelt utviklande institusjon for barna
 
Kva forventar tenesta av brukaren?
-       At brukaren alltid melder frå dersom andre enn dei føresette kjem for å henta barnet
-       At brukaren held avtale om opphaldstid ved levering og henting
-       At brukaren gjev beskjed dersom tenesta ikkje skal nyttast ein bestemt dag eller ein bestemt tidsperiode
-       At brukaren set av tid til å snakka med personalet ved levering/henting for gjensidig utveksling av informasjon
-       At brukaren nyttar seg av tilbod om samtalar, rettleiing og støtte barnehagen kan gje, og ber om slike tilbod på eige initiativ ved behov
-       At brukaren gjer seg kjend med årsplanen, vekeplanar, særskild informasjon, og at dei leverer svar innan tidsfristane
-       At brukaren alltid ser til at barnet har høvelege klede, sko og anna utstyr som barnet treng i barnehagetida
-       At brukaren er aktiv deltakar i foreldreråd
-       At brukaren sjekkar med personalet når dei går frå barnehagen med barnet
 
Kva kostar tenesta?
Kommunestyret avgjer prisane på barnehagetenester gjeldande frå 1. januar kvart år. Betalinga for barnehageåret vert fordelt på 11 månader, slik at juli månad er betalingsfri. Søskenmoderasjonen er 50 % for 2. barn og 75 % for kvart barn vidare.
Betaling for mat/frukt skal skje etter sjølvkostprinsippet, og kjem i tillegg til barnehagesatsane.
 
Korleis kan eg søkja om plass, søkja om endra plass, eller sei opp plass?
Det er eitt søknadsskjema for alle desse funksjonane, og det ligg på internettsida til Aurland kommune, www. aurland kommune no . Søknaden kan berre leverast elektronisk.
Hovudopptaket til nytt barnehageår er 1. april etter kunngjering. Opptak til ledige plassar blir gjennomført kontinuerleg gjennom heile året.
Barnehageplass kan seiast opp frå den 1. i kvar månad med minst ein månads oppseiingstid.
Alle søkjarar får svar seinast 21 dagar etter at søknaden er motteken.
 
Kvar kan eg klaga på opptak?
Søkjarar som har fått avslag på søknad om plass i KBA under hovudopptaket, og som har prioritert 3 alternative barnehagar(!), blir gjort merksam på retten til å klaga, retten til å få grunngjeving og retten til å få innsyn.
Formannskapet er klagenemnd.