Innsatsområde i reformen er

  • eit aldersvennleg Noreg
  • aktivitet og fellesskap
  • mat og måltider
  • helsehjelp
  • samanheng og overgang mellom tenestene

Vi har 5 steg i det lokale arbeidet med reforma:

1. kartlegge (2019-2020)
2. innspel til løysingar (2020-2021)
3. handlingsplan (2021)
4. frå plan til handling (2021-2023)
5. evaluere og forbetre (frå 2021)

Leve heile livet er ei kvalitetsreform for eldre. Med innsast på fem utvalde område skal Noreg blir meir aldersvennleg. Mykje ligg på kommunane, men mykje ligg og på at kvar og ein av oss kan bidra gjennom innsats for andre og ved å planlegge for eigen alderdom.

Senter for eit aldersvennleg Noreg gjennomfører ein kampanje «Vi planlegger litt» som skal inspirerer folk frå 55 år og oppover til å planlegge alderdomen sin.

I Aurland kommune jobbar vi tverrfagleg med å følgje opp målsettingane i reforma. Her er døme på kommunen sin innsats:

Velferdsteknologi:

Pleie og omsorg og bu og miljøtenester har vi mykje fokus på innføring tryggleiks- og meistringsteknologi. Teknologi skal vere eit hjelpemiddel til eit meir sjølvtendig liv og skal betre einskilde sitt evne til å klare seg sjølv i eigen bustad. Målet er at innbyggarar skal kunne bu i eigen heim eller i omsorgsbustad lengst mogleg, og skal bidra til auka tryggleik, sjølvstende, meistring og livskvalitet.

Rehabilitering:

Kvardagsrehabilitering er eit førebyggande tiltak som ble søkbar 01.06.2021.

Aktivitet og fellesskap:

Helsetunet hadde aktivitets- og besøksvert ut året 2021. Tilsetjing er gjort med tilskot frå Statsforvaltaren og er knytt til einsemd i samband med korona, men aktivitet og felleskap er også viktig innsatsområde i leve heile livet. Pleie og omsorg fekk òg fått tilskott til aktivitetvert for heimebaserte tenester, stillinga er mellombels ut april 2022. Informasjon om aktivitet og felleskap ved Aurland helsetun.

Sterk og Stødig:

Treningskontakten har teke initiativ til oppstart av Sterk og stødig – treningsgrupper for personar over 65 år, gjerne ute i grendene. For å få i gang tilbodet er vi avhengige av frivillige instruktørar. Instruktørar får opplæring og rettleiing frå treningskontakt. Meir informasjon om Sterk og stødig finn du her: https://www.aurland.kommune.no/treningskontakt.554107.nn.html

Mat og måltid:

I helsetunet har me  jobba med mat og måltid, men er opptekne av å halde fokus. Vi har laga forslagskasse slik pasientane og pårørande kan kome med innspel til kva ein ynskjer av mat til måltid. Forslagskasse er laga av dagsenteret for heimebuande personar med demens. Forslagskasse gjeld ikkje berre for mat og måltid, men skal hjelpe oss til å tenke nytt. Pasientar, pårørande, innbyggjarar, frivillige, foreningar og personale kan komme med idé for korleis vi kan forbetre pleie og omsorgsteneste.

Det er i tillegg laga informasjon om kjøkken ved Aurland helsetun.

Samanheng i tenestene:

Å betre samanheng og overgang mellom tenestene er viktig både for heimebuande og institusjonsbebuarar, pleie og omsorg er saman med Helse og Førebygging med i eit prosjekt om «gode pasientforløp» som inneheld samlingar med og rettleiing frå KS og FHI.

Samarbeid med pårørande er en viktig del av gode samanheng i tenestene.

Det er laga informasjon til pårørande.

Aldersvennlege tettstadar:

Kommunen har fått støtte frå kartverket til å kartlegge tilgjenge i sentrumsområda Aurlandsvangen og Flåm. Kartlegginga skal gje informasjon til innbyggjarar og besøkande om tilgjengelegheit for rullestolbrukarar, høyrsels og synshemma. Kartlegginga vert løypande synleg på www.norgeskart.no. På www.norgeskart.no kan du og sjekke tilgjenge andre stadar du planlegg å besøke.