Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad, må søkje kommunen om serveringsløyve. Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstad der forholda ligg til rette for  at det vert ete/drukke på staden. 

Lenkje til lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven).

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan vera fordi det skjer skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Dersom serveringsstaden vert overdregen til andre, fell serveringsløyvet vekk dersom det ikkje vert søkt om nytt løyve innan 30 dagar etter at avtale om overdraging vart inngått.

Skjema for melding om endring av drifta

Kriterium

 Dagleg leiar for serveringsstaden må greie etablerarprøven for å dokumentere naudsynte kunnskapar om økonomistyring og lovgjeving. Løyvesøkjar, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda må ha utvist uklanderleg vandel.

Les meir om etablererprøve her.

Søkjaren har meldeplikt til Mattilsynet når det gjeld oppstart av ny serveringsverksemd.