Kven gjeld tenesta for?

 
Grunnskuleopplæring for vaksne
Tilbod til alle som treng grunnskuleopplæring i enkeltfag for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne.
 
Spesialundervisning for vaksne
Tilbod til vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, eller for å få tilfredsstillande utbytte av grunnskuleopplæring for vaksne.
 
Norsk med samfunnskunnskap
Tilbod om opplæring i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar som etter lov/forskrift har rett på slik opplæring.
Kor lenge varer retten til tenesta ?
Alle som har teke ut retten til vidaregåande opplæring etter kap. 3 i opplæringslova, har rett på grunnskuleopplæring for vaksne når dei treng det.
 
Retten til spesialundervisning for vaksne varer så lenge sakkunnig instans tilrår slik undervisning.
 
For dei som har rett og plikt til opplæring i norsk med samfunnskunnskap, skal tilbodet vere på minst 300 timar.
 
 
Formål med tenesta
Vaksenopplæringa skal gi tilbod om
 
  • vanleg grunnskuleopplæring for vaksne som treng det
  • spesialundervisning for vaksne når PPT tilrår det
  • norskopplæring med samfunnskunnskap for innvandrarar og flyktningar for dei som har rett og plikt til slik opplæring
 
 
Kva er tenesta?
Grunnskuleopplæring for vaksne er opplæring i enkeltfag på grunnskulen sitt område.
 
Spesialundervisning for vaksne er opplæringstilbod til vaksne som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av grunnskuleopplæring for vaksne, eller som treng opplæring for å halde ved like dugleik.  
 
Norsk med samfunnskunnskap følgjer eigen læreplan.
 
 
Innhaldet i tenesta 
Grunnskuleopplæring for vaksne kan omfatte eitt eller fleire av faga norsk, engelsk, matematikk, natur-og miljøfag og samfunnsfag, evt. kristendom med religions-og livssynsundervisning.
 
Spesialundervisning for vaksne gir ny opplæring til vaksne som har vore utsett for sjukdom eller skade, og til vaksne som treng opplæring for å utvikle og halde ved like grunnleggjande kommunikasjonsdugleik og grunnleggjande lese-og skrivedugleik. Slik undervisning vert berre gjeven når Pedagogisk –psykologisk teneste tilrår det, og det er krav om individuell opplæringsplan for dei som får tildelt slik undervising.
 
Norsk med samfunnskunnskap gir opplæring i nynorsk og samfunnskunnskap. Omfanget varierer frå 300 timar til 3000 timar alt etter eleven si tidlegare utdanning og kunnskap. Undervisninga følgjer ”Opplæringsplan i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar”.
 
 
Kva kan du forventa av tenesta ?
At opplæringa vert gjennomført i samsvar med lov og forskrift med tilhøyrande læreplan.
 
 
Kva forventar tenesta av deg.
 
  • At brukarane møter fram til opplæringa etter oppsett plan
  • At retningslinene for opplæringa vert følgde 
 
 
Kva kostar tenesta?
Opplæring for vaksne er gratis for deltakarane. Innvandrarar/flyktningar som ikkje har rett på gratis opplæring, kan delta i undervisning som alt er igangsett mot eigenbetaling.
 
Omfanget av opplæringa vert tilpassa vedtekne budsjettrammer.
 
 
Korleis søkja tenesta
Korleis går du fram for å søkja om tenesta?
Kontakt Aurland kommune, tenesteleiar ABV: Ingrid Steine Bortne, tlf. 57 63 18 10
 
 
Kvar kan du klaga?
Vedtak om opplæringstilbod for vaksne med heimel i lov/forskrift kan påklagast til Statsforvaltaren. Klagen skal sendast om kommunen v/ tenesteleiar ABV.