Ynskjer de å diskutera moglegheita for at ditt lokale lag eller organisasjon kan sende inn ein søknad på LivOGLyst-programmet til fylkeskommune ta kontakt med Linn-Janette Underdal Skarsbø i avdelinga for samfunnsutvikling hjå Aurland kommune på e-post: linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no.

 

Eit samarbeid med kommunen er viktig, og samarbeidet skal vera på lokalsamfunna sine premiss -det er dei som bur i området som skal eige og drifte sine prosjekt. Kommunen er ein samarbeidspartnar, men søkjar, prosjekteigar og prosjektleiar må vera eit frivillig lag eller foreining. Gjennom eit LivOGLyst program får ein tilgang til nettverk, konferansar, kursing, rettleiing og økonomisk tilskot. Det byrjar som ein eittårig forprosjekt med ein stønad på 80.000,- etter dette er fullført så kan ein søkje om å verta eit hovudprosjekt -om ein får det innvilga så får ein stønad i tre år til å vidareutvikle prosjektet. Ved eit treårig prosjekt får ein 390 000,- fordelt over tre år frå fylkeskommunen. I tillegg til at kommunen må bidra med kr 90 000,- over tre år.

 

Tilskotet kan gå til:

  • Prosjektleiing (inntil 50%)
  • Kompetanseheving/kurs
  • Nettverksbygging
  • Mobilisering
  • Innkjøp som mogleggjer planlagde aktivitetar.

 

Andre prosjekt har til dømes vore å lage ei felles heimeside for bygda, arrangering av dugnader, folkefest osb.

 

Viktige datoar!

 

Vestland fylkeskommune arrangera ein LivOGLyst konferanse 3. okober og påmeldingsfrista er allereie 20. september. LivOGLyst-konferansen på Skei - Vestland fylkeskommune

 

Søknadsfristen for programmet er i slutten av oktober. 

LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling - Vestland fylkeskommune