Generelt om Vassforvaltning

Norge er tilslutta EU sitt rammedirektiv for vatn, vedteke i 2000. Hovudmålet i vassdirektivet er at alle vassførekomster minst skal oppretthalde eller oppnå «god tilstand». Dette skal skje gjennom samordna innsats.

Med bakgrunn i vassdirektivet har Norge utarbeidd rammer for vassforvaltninga i Vannforskriften av 2006:

[Vassforskrifta] https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-12-15-1446

Organisering

Aurland er ein del av Indre Sogn vassområde i Vestland vassregion.

Arbeidet med vassforvaltninga er fastlagt i regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion 2016-2021. Dette plandokumentet kan du finne på [Vannportalen] https://www.vannportalen.no/

Ny regional vassforvaltningsplan for Vestland 2022-2027 er under arbeid og skal leggast ut på høyring 1.april 2021. Høyringdokumentet finn du på [Vannportalen] https://www.vannportalen.no/horing-av-vannforvaltningsplaner-og-tiltaksprogram-2021/

Arbeidet i Vassregionen er koordinert av ein felles vassområdekoordinator tilsett i Vestland fylkeskommune.


Kontaktinformasjon til vassområdekoordinator:
Christian E. Pettersen
Tlf: 47 63 91 65
E-post Christian.Engebretsen.Pettersen@vlfk.no

Nyttige lenker:
Indre Sogn vassområde
https://www.vannportalen.no/vannregioner/vestland/vassomrade/indre-sogn/

Vestland vassregion https://vann-nett.no/portal/

Vann-nett https://vann-nett.no/portal/

Vassforvaltning i Aurland kommune

Kommunen sine ansvarsområde i vassforvaltninga

  • Drikkevatn
  • Avlaup
  • Overvatnproblematikk
  • Landbruksforvaltning
  • Arealforvaltning
  • Forureining

På dei områda der kommunen utøver mynde, har kommunen ansvar for å gjere vedtak om tiltak, som bidreg til å nå målet om god tilstand i norske vassførekomstar. Kommunen skal bidra til kunnskapsgrunnlaget gjennom kartlegging av påverknader og prøvetaking.

Aktivitetar i regi av Indre Sogn vassområde (pdf)

Kontaktperson for vassforvaltningsarbeidet i Aurland kommune:
Norunn Haugen
leiar for forvaltning og utvikling
Tlf: 47 67 45 67
E-post: norunn.haugen@aurland.kommune.no

Leiarar med ansvar innanfor dei ulike fagområda vatn, avlaup, landbruk, arealplanlegging og landbruk har ansvar for oppfølging av vassforskrifta innanfor sine fagområde.