Smittesporing er gjort og informasjon om isolasjon/karantene er gitt i alle tilfella - etter gjeldande reglar.
Det er ikkje mistanke om smitte med omikron-varianten av koronaviruset i desse tilfella.
Ingen er alvorleg sjuke og det er ikkje smitte med forgreining til skule/barnehage så langt.

Me oppfordrar folk om å vere ekstra merksam på luftvegssymptom, og få tatt sjølvtest for korona ved hodepine, feber, tungpust, rennande nase, tap av luktesans /smakssans.
Det er også viktig å halde avstand til andre, og bruke munnbind der det ikkje er råd å halde 1 meter avstand.
Me oppmodar om at arrangement går som planlagt i førjulstida – og det er dei nasjonale føringane som gjeld for desse.
Arrangørar må setje seg inn i kva reglar som gjeld.

Legekontoret utfører PCR-test for korona kvar vekedag kl 12.30. Ved symptom kan du ringe hit på førehand ( før kl 11) for å avtale test, på tlf 5763 2999.
Her kan dei med symptom også få utlevert hurtigtest/sjølvtest. Det tek no vanlegvis 2-3 dagar å få svar på PCR-test.