Som dei fleste kommunane i Noreg, opplever også Aurland kommune utfordringar med å få rekruttert nok sjukepleiarar og vernepleiarar til våre helse- og omsorgstenester. Behovet for høgskuleutdanna helsepersonell vil auke dei komande åra. Som eit langsiktig rekrutteringstiltak har Aurland kommune difor vedteke at det skal lysast ut utdanningsstipend til personar som tek bachelorgrad innan sjukepleie og vernepleie.

Aurland kommune lyser ut stipend til to personar i 2023. Det vert lyst ut eitt stipend i tenesteeininga for pleie og omsorg, og eitt stipend i tenesteeininga for bu og miljø.

Sjølve tildelinga av stipendet vert gjort ut i frå søknad og motivasjonsbrev frå søkjar.

Aurland kommune har vedtatt stipend – bachelorgrad i sjukepleie og vernepleie, heiltidsstudie.

Skjema for søknad om kommunalt utdanningsstipend, og retningsliner og informasjon om kommunalt utdanningsstipend i 2023 PDF document ODT document

Søknadsfrist er 30.06.2023.