I menypunkta finn du informasjon som kan vere nyttig om du skal gjere tiltak på eigedommen din

Kontakt byggesak

I Aurland kommune er det eining for Forvalting og utvikling som handsamar søknader etter plan og bygningslova.

Byggesakstorget kvar tysdag og torsdag frå kl 13-15 har vi byggesakstorg.
Då kan du komme innom til oss på Rådhuset og få råd og rettleiing i byggesaker utan å ha gjort avtale på førehand.
Registrer deg elektronisk i besøksportalen i resepsjonen og send melding til sakshandsamar.  Sakshandsamar får
tekstmelding og vil hente deg i resepsjonen når det er ledig tid. Du kan vente i respesjonen.

Utan om byggesakstorg og telefontid er vi tilgjengeleg for dei som har gjort avtale på førehand om uformelt møte
eller førehandskonferanse.

Førehandskonferanse - bestill førehandskonferanse ved å sende mail til post@aurland.kommune.no.
Saman med bestilling av førehandskonferanse må du sende relevant
informasjon om tiltaket, inkludert kart.

Telefon –  Når sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg må du ringe til sentralbordet på telefon 57 63 29 00
og leggje att ein beskjed. Vi har som mål å følgje opp slike meldingar i løpet av eit par dagar.

 Tilbakemelding
Vi ynskjer å bli betre og tek gjerne i mot konstruktiv tilbakemelding. Tilbakemelding skal rettast til leiar
for forvalting og utvikling.

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

 

 

Byggesakstorget
Drop-in kvar tysdag og torsdag kl. 13-15

Byggsakstelefon:

959 84 606

E-post:
post@aurland.kommune.no

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

 

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland