Aktivitetstilbod for heimebuande personar med demens og kognitiv svikt.

Dagtilbodet er for heimebuande personar som har fått diagnose eller er under utgreiing. Me har plass til 4-5 brukarar på måndagar, onsdagar og torsdagar. Me held til i lyse og fine lokal i 2 etasje i den gamle delen av sjukeheimen i Aurland.

Målsetjinga er at dei som brukar tilbodet skal trivast og kjenne seg trygge og ivaretekne. Isolasjon og einsemd er eit aukande problem for mange. Gjennom sosiale aktivitetar, skapar ein tryggleik og trivsel.

Aktivitetane er mange, og me planlegg gjerne utifrå årstidene. Hentar oss juletre, bakar, lagar fastelavnris og påskepynt. Om hausten saftar og syltar me. Andakt, trim, ordleikar og bingo når det passer. Minner frå gamle dagar som bilete, utstyr, musikk, lokalhistorie, bøker er ein viktig del av dagen.

Kjøkkenet på Helsetunet lagar god middag til oss som me et ilag.

Me reiser ofte på turar til kjende stader i kommunen som vekkjer minne hjå brukarane. Det kan vere ein støl, ei hytte, eit vatn  eller vi besøker nye stader.  Vi tek med oss niste og kaffi og nyt naturen. 

Brukarane deltek aktivt i planlegginga og gjennomføring av ulike aktivitetar.

Inkludert i prisen for dagtilbodet er transport, frukost, middag og kaffe.

Kan detta vera noko for deg , eller kjenner du nokon som kan ha nytte av tilbodet?

Ta gjerne kontakt for meir informasjon