Bekymringsmelding til barnevern

Bekymringsmelding til barnevernet kan sendes elekstorisk her

Meldeskjema til barnevernet finn du under sjølvbetjening-> skjema

Meldinga skal sendast til: 
Aurland og Lærdal barnevern
Vangen 1 
5745 AURLAND 

Oppretting av barnevernvakt

Telefonen er bemanna heile døgnet. Telefonnummer 902 13 481.

Du skal ringe hit dersom du er alvorleg bekymra for eit barn eller ungdom og du tenker bornet har trong for umiddelbar hjelp frå barnevernet. Dersom saka kan vente til neste virkedag finn du telefonnumra våre på høgreside av sida. 

Alarmtelefon
Alarmtelefon

Alarmtelefon

116 111 - Alarmtelefonen for barn og unge har døgnope alle høgtidsdagar og helgar.

På vekedagar er den open frå kl. 15:00 til kl. 08:00.

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 er ein gratis nødtelefon for barn og unge som lever med vald, overgrep og omsorgssvikt.

Vaksne som er uroa for barn kan og ringe 116 111.

Alarmtelefonen er open når kontora til barneverntenesta er stengd.

Nettsida til alarmtelefonen for barn og unge: www.116111.no

Barnevern - tenesteerklæring

Arbeidsområde:
Førebyggjande arbeid
Råd og rettleiing
Hjelpetiltak
Omsorgstiltak
 
Førebyggjande arbeid:
Barneverntenesta deltek fast i skule og barnehageteam i kommunen. Dette er team som har møte ved alle skular og barnehagar i kommunen kvart år. Vidare deltek barneverntenesta i referansegruppa for ungdom. Barneverntenesta samarbeider vidare med kultursektoren og skulane i det førebyggjande arbeidet.

Råd og rettleiing:
Barneverntenesta gjev råd og rettleiing til andre hjelpeinstansar i kommunen som arbeider med born og unge. Barneverntenesta gjev og rettleiing til foreldre som ynskjer dette i høve eigne born. Barneverntenesta kjem inn i saker ved at foreldre tek kontakt, ungdom kontakter oss eller saker vert melde inn til barneverntenesta. Dersom det er naudsynt hjelper barneverntenesta brukarane med å kome i kontakt med andre hjelpeinstansar både innafor det kommunale hjelpeaparatet eller til spesialisttenesta.

Hjelpetiltak:
Barneverntenesta har ansvar for at born og unge under 18 år, får den hjelpa dei treng til rett tid. Hjelpetiltaka barneverntenesta set inn er frivillige hjelpetiltak der foreldra er med på å finne fram til det som er best for barnet. Er barnet gamalt nok, og forstår kva saka gjeld, vert barnet teke med i arbeidet med å finne det rette tiltaket. Hjelpetiltak kan vere miljøarbeid i heimen, avlasting, støttekontakt, barnehageplass, besøksheim, hjelp til samarbeid mellom heim / skule, tiltak ved barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, opphald ved familiehuset osv. Barneverntenesta er fleksibel i høve til si kontortid. Ynskjer brukarar samtaler eller heimebesøk på ettermiddag eller kveldstid, vert dette gjeve høve til etter nærare avtale.
 
Omsorgstiltak:
I spesielle saker, der det er heilt naudsynt at barn får hjelp, utan at foreldra ynskjer dette, kan barneverntenesta kome med framlegg om tvangsvedtak. I tilfelle der slike vedtak vert gjort, er det ikkje den kommunale barneverntenesta som avgjer saka. Saka vert då handsama i fylkesnemnda for sosiale saker. Avgjerda i slike saker vert fatta i fylkesnemnda.
 
Barnefordelingsaker:
Desse sakene er knytt opp til lov om barn og foreldre. For meir informasjon, kontakt familievernkontoret i Sogndal.
 
Barnevernvakt:
Ope heile døgnet tlf: 902 13 48 
 
Søknad:
Søknad om teneste kan sendast til barneverntenesta.
 
Teieplikt:
Alle som arbeider innan barneverntenesta har teieplikt. Det tyder at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.
 
Klage:
Klagen skal vere skriftleg og seie noko om kva det vert klaga på og kvifor. Du kan og klage dersom du meiner at du får dårleg handsaming frå tenesta si side. Klagen skal sendast barnevernleiar.
Klagefristen er på tre veker. Vidare klageinstans er statsforvaltaren. Dette gjeld ikkje for saker som høyrer inn under fylkesnemnda. Elles gjeld forvaltningslova sine reglar for klage.