Næringsutvikling i Aurland kommune

Aurland kommune har eit variert næringsliv. Aurland er frå naturen si side ein ressursrik kommune, der vasskraftproduksjonen saman med jordbruket har vore bærebjelkane for kommunen sitt næringsliv gjennom det siste hundreåret.

Jordbruket, med hovudvekt på geit og sau står framleis sterkt, og er av stor verknad for å oppretthalde busetnaden rundt om i bygdelaga.

Reiselivsnæringa er i sterk framvekst. Turisttrafikken gjev grunnlag for nye tilbod og næringsutvikling i området. Aurland kommune har elles eit variert næringsliv med ei rekke servicebedrifter innan bygg, anlegg, elektro, røyr, handel m.m.

Aurland kommune har konsesjonskraft og Aurland Energi tilbyr rimelege fastprisavtalar på straum til både private og næringsliv. 

Elevarbeid frå ABU

Bedriftsrådgjeving

Om du lura på å starte opp ei verksemd, vidareutvikle den du har starta opp eller kanskje har andre spørsmål ta gjerne kontakt med Næringsrådgjevar i kommunen.  

Aurland kommune sit med eit konsesjonsavgiftsfond med midlar merka for nærings og samfunnsutvikling i kommunen. I utgangspunktet er det to søknadsrundar i året, men dette kan variera. Søknadsfrist vert annonsert på nettsida til kommunen.  

Det er òg andre moglege ressursar tilgjengeleg for deg.  

På denne sida finn du litt informasjon om tilboda til Sognefjorden Næringshage AS, Kunnskapsparken Vestland, Spire-etablerarprogram for invandrarar, Innovasjon Norge, Kompetansenavet Vest og Vestland fylkeskommune. I tillegg finn du nyttig informasjon frå NAV og andre nettsider med informasjon til verksemder 

 

 

SOGNEFJORDEN NÆRINGSHAGE AS  opererar Næringshageprogrammet i regionen i lag med Sogn Næring, og er ein del av SIVA sitt landsdekkande nettverk av næringshagar og skal leggje til rette for auka verdiskaping, vekst og utvikling av norsk distriktsnæringsliv. Næringshageprogrammet skal òg bidra til at fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør vert styrka. Den fremste styrken til Næringshagen er å vera ein kopling mellom verksemder, kompetansemiljø og andre tenesteleverandørar. Dei tilbyr òg målbedriftsavtalar til små og mellomstore verksemder som ynskjer vekst, utvikling og omstilling. Dei har kontor sentralt i Aurland.  

 

Populære tenester:

Bedriftsrådgjeving og organisasjonsutvikling
Omstilling og utvikling 
Kurs og kompetanseheving 
Informasjon om støtteordningar 
Hjelp til søknadsskriving 
Nettverksaktivitetar 

Kontaktperson i Sognefjorden Næringshage AS: 

Kontaktperson i Sognefjorden Næringshage AS: 

Mette Bakketun 

Dagleg leiar 

Sognefjorden Næringshage aa 

mob. 928 01 840 

 

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND er eit regionalt Innovasjonsselskap med kontor i Stryn, Nordfjord, Førde og i Sogndal. Kunnskapsparken kan hjelpe gründerar og verksemder med gode forretningsidear, men som treng hjelp til å lukkast. Kunnskapsparken er ein del av det nasjonale inkubatorprogrammet til SIVA og er deleigd av Vestland fylkeskommune 

Deira kjernekompetanse er;  

Inkubatorteneste 

Forretningsutvikling 

Kommersialisering 

Prosess- og prosjektleiing 

Klyngeutvikling 

Omstilling  

Rådgjeving 

Nettverk 

Finansiering (hjelp til søke og finne investorar).  

Kontorplass 

 

Inkubatorprogrammet:

Gjennom programmet får gründerar og verksemder tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus. Målgruppa er gründerar med nyskapande idear og verksemder med vekstpotensiale.  

 

Vekst ilag:

Vekst i lag er eit partnarskap beståande av Stryn Næringshage, Kunnskapsparken Vestland, Sognefjorden Næringshage og Inviro. Gjennom Vekst i lag samlar dei all deira kompetanse på ein plass, slik at ein kan velje blant enda fleire tenester, og få ekstra god hjelp med å skaffe kapitalen verksemda treng for å nå sine mål.  

Dette er eit program for etablerte verksemder som ynskjer å vekse.  

 

Kunnskapsparken tilbyr blant anna programmet Rask Oppstart som er eit gratis program retta mot gründerar og oppstartsbedrifter i tidlegfase. Det neste programmet startar 7. mars 2023.  

Dei hjelper òg bedrifter med å skapa framtidas berekraftige løysingar.  

 

SOGN FOR ALLE - SPIRE - ETABLERARPROGRAM FOR INNVANDRARAR 

SPIRE er eit tilbod for innvandrarar i Sogn, gjennom prosjektet «Sogn for alle».  

Er du innvandrar i Aurland og ynskjer å starte for deg sjølv så kan SPIRE vera noko for deg. Ta kontakt med Næringsrådgjevar i Aurland eller Sogn Næring direkte -som driftar programmet for «Sogn for alle» 

 

INNOVASJON NORGE

Innovasjon Norge skal bidra til nyskaping i næringslivet, berekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske verksemder, og utvikling i distrikta. Innovasjon Norge profilera norsk næringsliv og Norge som reisemål. Midlane Innovasjon Norge forvaltar vert satt av gjennom statsbudsjettet. Desse midlane skal nyttast til å få fleire gode gründerar, vekstkraftige verksemder og innovative næringsmiljø.  

Dei tilbyr tenester innan finansiering, rådgjeving, kompetanse, nettverk og profilering.  

Meir informasjon om kva hjelpe middel og verktøy Innovasjon Norge har kan du finn du her: Forsiden - Innovasjon Norge 

Gjennom å logge deg inn på «min side» vil du få tilgang til mange gratis-kurs med ulike tema som kan vera nyttig i etablerar- og utviklingsfasen for ei bedrift.   

 

KOMPETANSENAVET VEST 

Lokale mat- og serveringsverksemder kan få fagleg hjelp med vidareutvikling og verdiskaping gjennom kompetansenavet. Det er fem kompetansenav i Norge som utarbeidar tilbod om kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og besøksordning som er tilpassa verksemda sine behov.  

Kompetansenavet har base på Sogn Jord- og Hagebruksskule, og har aktivitetar i Vestland fylke.  

Besøksordninga: Gjennom ordninga kan ei verksemd få besøk av ein matfagleg eller forretningsfagleg person, og dei vil soleis hjelpe verksemda med ulike problemstillingar. Det kan til dømes vera spørsmål kring utforming av godkjent produksjonslokale, produktutvikling, emballasje, marknadsføring og kalkylar. Besøket er gratis for verksemda, ved behov kan ein få tilbod om oppfylgingsprosjekt med ei kostnadsramme på kr. 30 000,- av dette kjem ein eigenandel på 20% som verksemda må dekke sjølv 

Matkontaktar: Matkontaktane kan gje verksemdene hjelp og rettleiing via telefon eller gjennom besøksordninga. Matkontakten er rådgjevar, samtalepartnar og formidlar av kunnskap på bakgrunn av eiga erfaring, eller vidareformidlar kontakt med andre kompetansepersonar og relevant teknologi. Matkontaktane kan fylgje opp verksemda eller bidra til å etablere ei besøksordning.  

Meir informasjon  og kontakt informasjon finn du her: Kompetansenavet Vest | Sogn Jord- og Hagebruksskule | Økologisk landbruksskole Vg2 Vg3 (sjh.no) 

 

DRIFTIG.NO er ein informasjonskanal for gründerar, ideskaparar og entreprenørar i Vestland. Føremålet til driftig er å formidle nyttig informasjon til deg som ynskjer å starte eller vidareutvikle verksemd i Vestland samt sette deg i kontakt med dei rette personane på vegen. 

Vestland Fylkeskommune har ansvaret med å leie og drifte driftig.no 

 

VESTLAND FYLKESKOMMUNE 

Vestland fylkeskommune legg til rette for nærings- og samfunnsutvikling gjennom ulike tilbod til verksemder, kommunar og andre. Dei er blant anna deleigarar i Kunnskapsparken Vestland, leiar og driftar Driftig.no. Fylkeskommunen har òg teke over oppdragsgjevaransvaret for næringhageprogrammet og for Kompetansenavet Vest. Det vert no arbeida med å utvikle eit nytt program. Programmet skal òg vera eit verkemiddel for fylkeskommunen, og bidra til at fylkeskommunen si samfunnsutviklar rolle vert styrka.   

Vestland fylkeskommune har og fleire tilskotsordningar for næring og samfunnsutvikling. Ein kan òg søkje om BIO-midlar (bedriftsintern opplæring).  

 

ANDRE NYTTIGE LENKJER

NAV Region Sogn har felles marknadsteam som kan hjelpe verksemder med rekruttering. Aurland, Lærdal og Årdal har felles marknadskontakt, oppdatert kontaktinformasjon og anna relevant informasjon kan du finne her. Rekruttering og inkludering i NAV Vestland - nav.no 

 

Altinn - Starte og drive bedrift – Altinn gir ein grundig gjennomgang av kva du bør tenkjer over når du ønskjer å etablere ei bedrift, korleis du gjennomførar oppstart i praksis, og kva som er viktig å vere klar over når selskapet er i drift. 

Brønnøysundregistrene – Bedrift – Brønnøysundregistrene gir ei innføring i kva dokument som må fyllast ut og sendast inn når ei bedrift blir etablert og er i drift. 

Starte og drive bedrift - Skatteetaten – Skatteetaten gir og ei innføring i kva som er viktig når ein skal starte ei bedrift. 

 

 

INKON

Felles informasjonskanal for næringslivet i Aurland kommune

Sognefjord Næringshage, INKON og Aurland kommune vil nytte ein felles kanal for informsajon retta mot næringslivet i Aurland. Formålet er å kunne samle aktuell informasjon på ein stad slik at det vert enklare å få oversikt. 

Felles kanal for informasjon er INKON si Facebook side. Lik sida og få fortløpande informasjon som kan vere nyttig for deg som driv verksemd i Aurland kommune.  

  

 

Støtteordningar

Aurland kommune har ein konsesjonsavgiftsfond som det årleg vert lyst ut midlar frå, desse midlane skal nyttast til næring- og samfunnsutvikling i Aurland kommune. Vanlegvis er det to søknadsfristar for året, men dette kan variera etter kva midlar som er tilgjengeleg 

Me har òg laga til malar for innsending av søknad, både på norsk og engelsk. Ta kontakt om du ynskjer dette.  

 

Informasjon om søknadsprosessen våren 2023 

I samband med budsjettet for 2023 vart det satt av kr. 1.5 millionar til dette formålet. Søknadsfristen vart satt til 01.04.2023. Søknadane skal opp i fondstyret i samband med møtet 25.05.2023.  

§ 2 Føremål i vedtektene seier at Fondet skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Aurland kommune.  

 

Søkjar skal ta kontakt med kommunen for innleiande samtalar for å avklara innhald i ein eventuell søknad. 

 

Søkjar skal skrive ein søknad som syner at ein har vurdert utfordringar og moglegheiter med å nå måla i prosjektet. 

 

For landbruk gjeld som regel ikkje dette kravet til innhald dersom det ikkje er snakk om ny type næring. Det same gjeld for rettleiing og kurs pkt 4.1, arrangement pkt 4.8, regionale/lokale fellesprosjekt pkt 4.9, landbruk pkt 5 og tilskot til spreidd busetnad pkt 8. 

Det er krav om eigenfinansiering på minimum 50 % av totalbudsjettet.  

 

Til Investeringar kan ein få inntil 10% støtte, sjå punkt 5. for eigne reglar for landbruk.  
 

Eigenfinansieringa kan vera i form av eigne midlar eller eigeninnsats, eventuelt ein kombinasjon av disse to. 

 

Syner elles til naudsynte opplysningar i samband med ein søknad om midlar frå konsesjonsavgiftsfondet. Er det spørsmål kring dokumentasjon ta kontakt.  

 

1. Dersom ein person er søkjar: 
Namn, adresse, telefon, e-post. Utdanning og yrkeserfaring 
Dersom eit firma er søkjar: 
Namn, org. nr, adresse, telefon, e-post. Bransje 

 

2. Prosjektomtale: 
Kva det vert søkt støtte til. Omtale av forretningsidé, marknad, kundar, konkurranse. Søknadsbeløp. Forklåring om kvifor det blir søkt om stønad, og i kva grad midlane vil ha utløysande effekt. 

 

3. Rekneskap: 
Dette gjeld for etablerte verksemder 

 

4. Investeringsbudsjett 
Kva det skal investerast i og kor mykje. Alle summer eksl. Mva. 

 

5. Finansieringsplan: 
Oversikt over eigenkapital, banklån og eventuelle andre finansieringskjelder 

 

6. Driftsbudsjett: 
Oppstartsåret + 2 år. 

 

Søknader som manglar desse opplysningane (1-6), samt der søkjar ikkje har hatt ein førehandkonferanse vert ikkje handsama.  

 

Søkjar må òg sørgje for at alle naudsynte løyver er på plass før søknaden vert sendt inn. 

 
Søknader skal sendast elektronisk til Aurland kommune, post@aurland.kommune.no . 

Du, som søkjar, må setje deg inn i reglane for fondet, då det er ulike retningslinjer alt etter kva ein søkjer støtte om, samt i samband kva ein kan søkje støtte til og storleik på søknadssum. 

 

For søknader til bedriftsutvikling og investeringar ta kontakt med:                                                        

Linn-Janette Underdal Skarsbø 
Næringsrådgjevar   
E-post: linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no  
Telefon: 95 98 46 47 

 
For søknader som gjeld landbruk ta kontakt med:                                                                               

Magnhild Aspevik 
Felles landbrukskontor ÅLA 
E-post: Magnhild.Aspevik@aurland.kommune.no 
Telefon: 47 48 65 50 
 

For søknader som gjeld tilskot til spreidd busetnad ta kontakt med:  
Reinhardt Sørensen 
Tenesteleiar teknisk / Brannsjef                                                                                                                     

Epost: Reinhardt.Sorensen@aurland.kommune.no  
Telefon: 95 98 46 04 

 

For andre støtteordnar sjekk  

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er eit norsk offentleg sertifikat som syner at verksemda har høg standard på å drive miljøvenleg, og har eit solid fokus på arbeidsmiljø. For at ei verksemd skal verta sertifisert som miljøfyrtårn må dei ha miljømål som er konkrete, målbare og lønsame på fleire nivå.  

Aurland kommune har eit samarbeid med Sogndal kommune om sertifisering, og det er Sogndal kommune som forvaltar ordninga.  

For mange kundar er berekraft viktig for val av produkt, og mange forventar at verksemder tek eit berekraft ansvar. Ein miljøfyrtårn-status kan difor verta viktig for konkurransekrafta til verksemder framover.  

I Aurland kommune har me allereie fleire sertifiserte verksemder, noko me er stolte av.  

Ynskjer du å verta sertifisert kan du ta kontakt med Næringsrådgjevar i kommunen.  

Les meir om kvifor du bør sertifisere verksemda di her: Hvorfor bli sertifisert? | Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no) 

Miljøsertifisering kan òg sjåast i samband med bedriftsutvikling, og kan vera eit grunnlag for å søkje om støtte frå konsesjonsavgiftsfondet. Ta kontakt med næringsrådgjevaren for å sjå om dette kan vera noko for deg og di verksemd.  

Pågåande prosjekt innanfor samfunn og næring

Aurland kommune er involvert i ulike prosjekt og samarbeid i regionen. Dette kan vera prosjekt internt i kommunen, med lokale samarbeidspartnarar eller interkommunale prosjekt.  

 

GNIST 2022-2023 

Korleis kan kommunen saman med innbyggjarar, næringsliv og organisasjonslivet kome saman om å skape framtidas bygdeturisme? I januar 2022 gjekk Aurland kommune inn i eit nyskapande samarbeidsprosjekt med kommunane Luster og Sogndal for å finne moglege løysingar på dei felles utfordringane innan høgt besøkstrykk og smale vegar, og samtid auke trivsel og tilbod i lokalsamfunna. Prosjektet er støtta av både Design og Arkitektur Norge (DOGA), under Næringsdepartementet, og Vestland fylkeskommune, med mål om å utvikle nyskapande idéar som kan overførast til andre stadar i landet med like utfordringar. 

Kommunane ynskja og å teste nye måtar å gjere dette saman med innbyggjarar, laga og næringslivet. Til dette engasjerte kommunane et team frå designbyråa Lokalt Byrå og Æra Strategic Innovation for å hjelpe med å planlegge og lede prosessen. Utganspunktet for arbeidet var å starte med å la innbyggjarane diskutere kva for bygd dei ynskjer seg i framtida, og korleis turismen kan vere ein del av draumesituasjonen. “Grunnen til at me har turisme i bygda er jo å støtte opp om lokalsamfunnet, ikkje omvendt,” var mantraet til teamet. Etter innbyggjarverkstadene i dei tre bygdene Undredal, Solvorn og Fjærland, jobba kommunane og designteamet seg gjennom innspela for å utvikle 10 idéar som saman ledar mot eit meir berekraftig reiseliv og betre tilbod for innbyggjarar. For å tidleg finne ut om idéane hadde noko føre seg, inviterte kommunane moglege samarbeidspartnarar i bygdene, som ungdomslag, bygdeutval, bønder og reiselivsbedrifter, til å sei kva dei tenkte om idéane. 

 

Idéane frå prosjektet adressera felles utfordringar og forslag til korleis kommunane, næringslivet og lokalsamfunnet kan samarbeide om å gjere utfordringane til ein moglegheiter. Det er utarbeida fire konsept i Undredal, basert på innspela som kom fram i innbyggjarverkstaden som var i august på ungdomshuset.    

- Konseptet «Undredals beste ferje» viser moglegheitene i at turistferja blir ein del av kollektivtilbodet for innbyggjarane, og korleis ein kan utvikle eit større tilbod for turistane som kjem med same ferje. 

- «Landbruksturisme på eigne premiss» spør om ein kan gi innbyggjarar og bønder som blir forstyrra av turistar fred gjennom å gje dei nysgjerrige turistane ein passande stad å oppsøke. 

- «Startmotor for innbyggarar» handlar om korleis ein kan kombinere sosiale kveldar i bygda med hjelp frå innbyggjar til innbyggjar. Dette for å få til nye prosjekt, tilbod og bygg, kor ein arbeider med og ikkje mot vernestatus. 

- «Underdøl 32.0» peikar på korleis neste generasjon Underdøler i og utføre bygda kan kome saman om å planlegge sitt preg på bygda, når dei skal forvalte ho på vegne av dei 31 tidlegare generasjonane. 

 Kvar av dei tre bygdene i prosjektet har fått ulike idéar, og kvar idé er òg relevant for alle bygdene. Det gjer at kvar kommune og bygd kan fokusere på å teste og jobbe vidare med kvar sine idéar, og så dele erfaringar og resultat med kvarandre undervegs. 

No er fyrste del av prosjektet ferdig, idéarbeidet, og resultatet har blitt godt motteke av både fylkeskommunen, Riksantikvaren, Distriktssenteret og DOGA. Det har utløyst meir midlar frå DOGA slik at kommunane kan ta idéane vidare ut i ei testfase fram mot neste sommar. 

23. november inviterte Aurland kommune og designteamet til eit digitalt bygdemøte der dei informerte om dei fire konsepta for Undredal, og vegen vidare. Der fekk innbyggjarar, organisasjonar og lokalt næringsliv moglegheit til å sei sine meiningar og å engasjere seg i arbeidet. Sidan ikkje alle hadde høve til å delta på møtet vart det gjort opptak, og det er heller ikkje for seint til å kome med innspel og tankar. 

 

Link til opptak av det digitale møtet i november: 

https://www.jottacloud.com/.../3039b0c15c40ec440f.../thumbs/ 
Link til rapporten på hovudprosjektet i Gnist -litt lettare lesnad enn den som vart sendt til Dogahttps://www.jottacloud.com/.../303ae2dfaebfaf54de.../thumbs/ 
Om de har vidare innspel enn det som kom fram i møtet så kan de senda det på e-post på linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no 

 

SOGN FOR ALLE 

Kommunane i Sogn satsar heilskapleg på integrering av innvandrarar. Innvandrarar representerer ein viktig ressurs for sterke vekstbedrifter og gode lokalsamfunn. Gjennom prosjektet ønskjer vi å bli betre på å nytta moglegheitene som innvandringa bringer med seg. 

Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Ei vellukka integrering vil kreve innsats og samhandling frå offentleg og privat næringsliv og frivillig sektor. 

Sogn for alle er eit felles prosjekt gjennom Sogn Regionråd og kvar kommune har ein kommunalkontaktperson. Prosjektleiaren sit hjå Sogn Regionråd 

Sogn for alle skal leggje til rette for ulike tiltak innan for fylgjande tema;  arbeid, språk og utdanning, familie og fritid og bustad.  

 

For meir informasjon om Sogn for alle besøk www.sognforalle.no  og Sogn for alle (regionraad.no) 

 

Kommunal kontaktperson for Sogn for alle i Aurland er Næringsrådgjevar Linn-Janette Underdal Skarsbø  

 

Prosjektleiar for Sogn for alle er Jeanett Walsvik.  

 

Sjekk òg deira video om dei ulike inkluderingstiltaka