a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart
a

Meny

Velkommen til Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjordområdet

Velkomen til verdsarven din! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her.

Kontakt oss

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Helabrotet 2A , 5745 Aurland
E: post@naroyfjorden.no

Nærøyfjorden verneområdestyre,
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger,
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Utsikt over fjord og fjell

Om Nærøyfjordområdet

Dette området er rekna for å vera eit av dei vakraste fjordlandskapa i verda. Me vonar du vil finne ditt eventyr her – og at du tek vare på dette unike landskapet saman med oss.

arrow-r

Aktivitetar og opplevingar

Om det er ein tur på den høgaste fjelltoppen, eller ein dukkert i fjorden. Om du vil utforske området i kajakk, eller vandre langs gamle trakk og stiar. Her kan du finne akkurat det du ynskjer!

arrow-r
Personer som padler på fjord.
Blomst, urvalmue.

Natur og dyrelivet

Området er eit eldorado for deg som er glad i alt som lever i naturen. Du er hjarteleg velkomen til å gå på oppdagingsferd, men trø varleg – og hjelp oss med å ivareta dei unike eventyra naturen byr på!

arrow-r

Innfallsporter

Nærøyfjordområdet ligg i hjartet av Vestland fylke. Du kan kome til området frå mange ulike kantar. Dei mange koselege tettstadane kan vere fine stadar å starte for å oppleve området.

arrow-r
Tettsted ved fjorden
Hus og brygge ved fjorden.

Kulturlandskap

Nærøyfjordområdet har ein rik kulturhistorie, som fortel  korleis folk har levd i dette området i lang tid. Det er spor heilt frå steinalderen med jakt og fangstkultur, til fast busetnad med jordbruk- og husdyrdrift, og til landbruksdrifta i dag. 

arrow-r

Reise og overnatting

Du kan kome til Nærøyfjordområdet med både tog, båt, buss og bil. Eller kva med å kome syklande ned Rallarvegen eller padlande inn Sognefjorden? Vel framme er det mange alternativ for overnatting å velje mellom, frå historiske hotell til campinghytter i vakker natur.

arrow-r
Syklistar på Rallarvegen.
Portal-Norges-nasjonalparker

Kvar ligg Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden?

Ligg i Vestland fylke, i kommunane Aurland, Vik, Lærdal og Voss herad.

Togstasjon

Korleis kjem eg meg dit?

Kort veg frå Oslo og Bergen med tog, båt, buss og bil.

Informasjon

Turistinformasjon

Portal-Norges-nasjonalparker

Verneområde i nærleiken

Stølsheimen landskapsvernområde, Hallingskarvet nasjonalpark, Jotunheimen nasjonalpark og Jostedalsbreen nasjonalpark

Allemannsretten – gleder og plikter

Tenk, kor heldige vi er: Allemannsretten er eit gratis fellesgode som gir deg rett til å bruke utmarka, uavhengig av grunneigar. Vi har frå gamalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells. Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Ein grunnregel for alle som nyttar seg av allemannsretten: Forlat naturen slik du gjerne vil finna den sjølv!

På beina og på ski kan du ferdast fritt i naturen, så lenge du viser omsyn og tek med deg alt avfall.

Ri og sykle kan du gjere på stiar og vegar.

Du kan plukke bær, sopp og vanlege blomar, men plukk ikkje trua og freda artar, som t.d. orkidear.

Kulturminne som gamle murar, fangstanlegg og gravrøyser er freda. Ikkje flytt på steinane.

Jakt og fiske er lov dersom du har jakt-/ fiskekort. Stongfiske er gratis for barn under 16 år. Det er ikkje lov å bruke levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk eller vått fiskeutstyr frå eit vassdrag til eit anna.

Motorisert ferdsel, med unntak av båt på fjorden, er forbode i verneområda, med mindre du har særskilt løyve. Dette gjeld også elsykkel.

Vêret i fjellet kan skifte brått både sommar og vinter. Sommaren kan by på låge temperaturar og tjukk skodde. Vintersola kan fort skifte til tett snødrev.

Du er sjølv ansvarleg for å vurdere vêr og føre, form og ferdigheiter og å førebu deg med eigna klede og utstyr.

Dei ulike verneområda har eigne reglar. Sjå informasjon om det enkelte verneområde her.

Sporlaus ferdsel

Ikon for avfall

Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

Ikon for telt

I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

Ikon for bål

Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.

Ikon for båndtvang

Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindane. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.

Ikon for graving av dohull

Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

Ikon for å følge sti

Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.

Ikon for kikkert

Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

Ikon for varde

Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.