GENERELT
Adresser skal tildelast bygningar som blir nytta til bustadføremål, fritidsføremål, næringsverksemd, offentleg verksemd og anna verksemd som tenar eit større publikum (idrettsanlegg, parkeringsanlegg, parkar osv). Det er viktig at adressene er logiske og at dei blir nytta slik at f. eks. utrykkingskøyretøy raskt finn fram til eigedomen.

Kommunen har ansvar for tildeling av offisielle adresser.

Forskrift for tildeling av adresser finn du her.

Fleirbustadbygg og adressemerker
Leilegheiter i hus med fleire bustader skal, i tillegg til gateadresse, tildelast  leilegheitsnummer (H0101, H0102 osv.) Desse skal ha adressemerke.

Kva betyr bustadnummeret?
Har du bustadnummer H0203, fortel det at leilegheiten din ligg i andre hovudetasje og at den er nummer tre frå venstre.

Omadressering
Omlegging av vegar og fortetting av bustader i eksisterande bustadområder utløyser ofte trong for omadressering. Kommunen ved Kart- og oppmålingsavdelingen utarbeidar nye adresseplanar som blir sendt på høyring til berørte partar. Adresseendringar kan påklagast til Statsforvaltaren.