Spiren gardsbarnehage er ein privat barnehage som får økonomisk stønad til drifta frå Aurland kommune og ligg på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Den har 1 avdeling med 24 heile plassar for born 0 – 5 år. Det pedagogiske grunnprinsippet er nær knytt til å ta del i aktivitetar på garden gjennom året. Sjå nærare info på Sogn jord- og hagebruksskule si heimeside. http://sjh.no/livet-pa-skulen/gardsbarnehage/

For søknad til Spiren gardsbarnehage skal ein nytte same elektroniske søknadsskjema som for dei kommunale barnehagane.

Aurland kommune nytter Visma Flyt barnehage som administrativt system for barnehage. Her er det eigen foresattportal kor ein kan søkje om plass, endre plass, redusert betaling og gratis kjernetid.

Temahefte Visma Flyt barnehage - Foresattportalen