Mottakskontroll

Så snart som mogeleg etter at kommunen har motteke byggesøknad skal sakshandsamar gjennomføre mottakskontroll. Føremålet med mottakskontroll er å sjekke om søknaden er fullstending og kan takast til handsaming. Dersom det blir oppdaga manglar skal sakshandsamar sende mangelbrev. Ved mindre manglar kan det vere aktuelt å ta kontakt på telefon eller e-post for å etterspørje meir dokumentasjon. Ved vesentlege manglar kan det vere aktuelt å returnere søknad og avslutte sak.

Høyring

Kommunen har ansvar for at saker er forsvarleg opplyst før vedtak blir fatta. Dette kan innebere at saka skal sendast på høyring til interne eller eksterne myndigheiter. Hovedregelen er at høringsinstansane har frist på 4 veker for å gje uttale. I nokre saker skal høyringsinstansen kunn ha ei orientering. I andre saker er det naudsynt å innhente uttale. Dersom uttale er naudsynt for at saka skal vere fullstendig opplyst, kan det vere aktuelt å gje høyringsinstansen forlenga frist.

Vedtak
Mynde til vedtak følgjer av gjeldande delegasjonsreglement [link]. Melding om vedtak blir sendt skriftleg til tiltakshavar eller ansvarleg søkjar dersom det er ansvarleg søkjar. Vedtak kan påklagast med klagefrist på 3 veker. Både tiltakshavar og andre partar med klagerett kan klage på vedtaket.

Sakshandsamingsfristar

  • Saker med behandlingsfrist på 3 veker:
    • Søknad om løyve til tiltak med krav om ansvarsrett, uten dispensasjons-forhold, uten nabomerknader, og der det ikkje er krav om uttale/samtykke frå anna myndigheit
    • Søknad om løyve til tiltak uten krav om ansvarsrett, uten dispensasjons-forhold, og der det ikkje er krav om uttale/samtykke frå anna myndigheit
    • Søknad om igangsettingsøyve / deligangsettingsløyve
    • Søknad om ferdigattest / mellombels bruksløyve
  • Saker med behandlingsfrist på 12 veker:
    • Tiltak med / uten ansvarsrett som inkluderer dispensasjonsforhold.
    • Søknad om dispensasjon - for dispensasjonssaker reknar vi ikkje med i 12-vekersfristen den perioden søknaden ligg til uttale hjå regionale/statlege myndigheiter.
  • Andre tidsfristar:
    • Førehandskonferanse skal gjennomførast innan 2 veker
    • Klagesaker skal vere førebudd av kommunen og blir oversendt til klageinstansen innan 8 veker.
    • Ved høyring hjå interne / eksterne myndigheiter, blir det gitt ein frist på 4 veker for uttale. Dersom uttale er naudsynt for at saka skal vere godt nok opplyst kan denne fristen blir forlenga.
    • Ved oversending av klagesaker til Statsforvaltaren, skal klagen bli handsama av Statsforvaltaren innan 12 veker. Dersom det er gitt utsett iverksetting, skal Statsforvaltaren handsame saka innan 6 veker.

Prioritering

Ved stor saksmengd, eller redusert kapasitet prioriterer vi saker som har lovbestemte fristar, kronologisk, samfunnsnytte, 3-veker, 12-veker,

Innsyn i byggesaker

Byggjesøknader er normalt ikkje unnateke offentleg innsyn. Inngåande dokument vert ikkje publiserte med direkte link til innsyn, men for utgåande dokument og interne notat er det i Aurland kommune direkte link til innsyn i dokument.