Kapittel 1. Innleiande bestemmelsar

§ 1 Føremål
Å skaffe seg bustad er i utgangspunktet eit privat ansvar. Kommunal bustad er ingen lovfesta rett. Kommunalt disponerte bustader skal være eit verkemiddel for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Kommunen pliktar å medverke til å skaffe bustad til personar som ikkje sjølv kan ivareta eigen interesser i bustadmarknaden.

Kommunen sine utleigebustader vert definert som gjennomgangsbustader med leigekontrakt på 3 år, dette då det vert sett på som midlertidig hjelp. Det er mogleg å søkje om forlenging. Dette ut i frå at føremålet er å gjere søkjar i stand til å komme seg inn på den ordinære bustadmarknaden.

§ 2 Kommunale bustader
Med kommunale bustader er det her meint alle bustader som kommunen rår over for tildeling til private. Bustadene kan eigast av kommunen sjølv, organisasjonar, stiftingar eller private som har avtale med kommunen. For bustad som vert eigd av andre enn kommunen, kan eigne retningsliner verte gjeldande i tillegg.

Retningslina skil mellom to hovud typar kommunal bustad

Omsorgsbustader der føreålet er å gje eldre, menneske med nedsett funksjonsevne og vanskelegstilte ein bustad som mellom anna er tilrettelagt for omfattande pleie og omsorg utanfor institusjon.
Kontaktinformasjon: Pleie og omsorg v/ tenesteleiar Essi Mäki, tlf 412 31 721

Gjennomgangsbustader for personar som er i ein midlertidig, vanskeleg situasjon grunna helsemessige eller sosiale tilhøve.
Kontaktinformasjon: NAV Aurland v/ Anna Stave tlf 55 55 33 33

§ 3 virkeområde
Retningslinene her for tildeling og handsaming av søknad om kommunal bustad i Aurland kommune vert lagt til grunn. Kommunal bustad vert tildelt søkjarar som er utan fast bustad eller eigna bustad, og som ikkje er i stand til å skaffe seg alternativ eller eigna bustad sjølv.

Retningslinene gjeld butilhøve som har si forankring i avtale om bruksrett til husrom mot vederlag, jfr husleigeloven § 1-1. Retningslinene gjeld ikkje tildeling av bustad til personalføremål, opphald i institusjon, midlertidig bustad jfr lov om sosiale tenester i arbeids ov velderdsforvaltningen § 27 (midlertidig bustad) eller der behandling er hovudinnhaldet i avtala.

Kapittel 2. omsorgsbustder – målgruppe og tildelingskriterier

§ 4 Målgruppe for omsorgsbustader
Med heimel i helse og omsorgstenestelova § 3-7, skal kommunen medverke til å skaffe bustad til personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden, herunder bustader med særlig tilpassing og med hjelpe- og vernetiltak for dei som treng der på grunn av alder, nedsett funksjonsnivå eller andre årsaker.

Søkjar må sjølv ha ynskje om å flytte i omsorgsbustad.

§ 5 Kriterier for tildeling av omsorgsbustad
Følgjande kriterie og vurderingar vert lagt til grunn ved tildeling av omsorgsbustad:

    • Ein må vurdere om søkjar framleis kan bu i eigen bustad ved å leggje til rette med til dømes hjelpemidlar, tilpassing av eigen bustad eller andre eigna tiltak.
    • Der det er høveleg, skal andre tenester vere prøvd ut, til dømes praktisk bistand, helsehjelp i heimen osb.
    • Søkjar å vere ute av stand til å ivareta eigen interesser på bustadmarkanden
    • Søkjar må ha behov for bustad som er tilpassa menneske med nedsett funksjonsenve
    • Søkjar med moderat funksjonssvikt kan tildelast omsorgsbustad når dette kan førebygge yttarlegare funksjonsvikt.
    • Søkjar skal ha eit behov for pleie og omsorgstenester. Desse vert tildelt i eige vedtak.

Blant søkjarane som fyller kriteria, vil tildelar kunne legge vekt på omsynet til rasjonell tenesteyting og samansetninga av bebuarar i bustadane.
 

§ 6 Omfang og innhald i tenesta
Omsorgsbustaden er juridisk å sjå på som bebuar som private heim.

Helsetenester i heimen, personleg assistanse, praktisk bistand og opplæring blir tildelt etter behov på individuell basis som for alle andre heimebuande.

Tildelinga er ikkje behovsprøvd i forhold til økonomi.

§ 7 Rett til medverknad og klageadgang
Med heimel i pasient og brukarrettigheitslova § 3-1 har brikar rett til medverknad og inormasjon ved gjennomføring av helse og omsorgstenester

Klageadgang er heimla pasient og brukarrettighetslova § 7-2. Klagen vert satt fram til den instans som har fatta vedtaket, med Statsforvaltaren som klageinstans.

§ 8 Gjeld og tidlegare misleghalde leigeforhold
Dersom søkjar etter tidlegare leigeforhold har uoppgjort gjeld til Aurland kommune, kan kommunen avslå søknaden på grunnlag av dette. Kommunen kan stille som vilkår at det vert inngått avtale om nedbetaling av gjeld, dersom søkjar får positivt vedtak og søkjars økonomi tillet dette. Det kan også stillast vilkår om økonomisk rådgjeving, med føremål å gjere søkjar i stand til å komme seg ut på det ordinære bustadmarknaden.

Dersom husleige vert misleghelde, vil eventuell bustøtte frå Husbanken bli utbetalt direkte til Aurland kommune, jfr Forskrift om bustøtte.

Aurland kommune skal være særleg merksam på tilhøve som kan føre til risiko for tvungen fråviking, og så tidleg som råd innleie samarbeid med leigetakar med føremål å unngå dette.

§ 9 Tidlegare tilbod om omsorgsbustad
Dersom søkjar tidlegare har takka nei til tilbod om gjennomgangsbustad utan sakleg grunngjeving og det ikkje ligg føre endring i søkjar sitt behov for bustad, kan søknad om bustad verte avvist. Standard eller beliggenheit vert ikkje rekna som sakleg grunngjeving, med mindre tungtvegande helsemessige eller sosiale tilhøve tilseier dette.  

Kapittel 3. Gjennomgangsbustadar for vanskelegstilte – Målgruppe og tildelingskriterier

§ 10 Målgruppe – gjennomgangsbustader for vanskelegstilte
Målgruppa for gjennomgangsbustader er personar som ikkje sjølv, eller ved hjelp av anna offentleg bistand, klarer å skaffe seg eigna bustad. Dette vil til dømes gjelde personar som grunna helse, funksjonshemming, økonomiske eller sosiale årsaker har behov for midlertidig bustad, og som etter ei konkret fagleg vurdering vert vurdert til å å ha urimeleg store vanskar med å skaffe seg alternativ bustad sjølv.

Flyktningar som blir busette for første gong av Aurland kommune, jfr vedtak om busetjing av kommunestyret, vert tildelt kommunal bustad eller anna bustadhjelp, utan søknad.

§ 11 Grunnkrav for tildeling av gjennomgangsbustad for vanskelegstilte.
Søkjar må ha lovleg opphald i Noreg og ha folkeregistrert adresse i Aurland kommune siste to år før søknad. Ved særlege grunnar som let seg dokumentere, kan kommunen vurdere å sjå vekk frå kravet om butid.

Søkjar må ha fylt 18 år. Ved unntak skal dette gjerast i samråd med føresette og eller barnevernet

Søkjar står utan sjølvstendig bustad, eller manglar bustad etter utskriving frå institusjon eller lauslating frå fengsel.

Søkjar har grunna helsemessige eller sosiale problem eit særskilt behov for endring i eksisterande buforhold

Søkjar sin noverande bustad vert vurdert som helsefarleg for søkjar eller søkjar sine barn.

Søkjar vert vurdert til å ha urimeleg store vanskar med å skaffe seg alternativ bustad sjølv

Søkjar kan dokumentere at forsøk, over tid, på å skaffe seg bustad ikkje har ført fram.

Krava gjeld ikkje for flyktningar som blir busette for første gong av Aurland kommune, jfr vedtak om busetjing av kommunestyret.

§ 12 Oppfølging av kommunale tenester
Det vert sett som vilkår at søkjar som etter ei konkret fagleg vurdering vert vurdert til å ha behov for oppfølging frå det kommunale tenesteapparatet for å meistre busituasjonen sin, inngår forpliktande samarbeid med tenesta, ved aksept av bustad. Oppfølging kan også ha som mål å bistå søkjer med å skaffe seg anna bustad i løpet av leigeperioden.

Dersom slik avtale eller samarbeid ikkje vert oppnådd, vil det gi grunnlag for å ikkje tilby leigeavtale eller å forlenge allereie inngått leigeavtale. Oppseiing av leigekontrakt kan berre skje etter husleigelova sine vilkår for dette.

Innhald og omfang av oppfølginga, føl eige vedtak og avtale i aktuell faginstans.  

§ 13 Vurdering av noverande butilhøve
Kommunen skal få tilgang til noverande bustad for å kunne vurdere at denne ikkje er eigna for brukar eller ikkje kan gjerast eigna for brukar.  

§ 14 Inntekt og formue ved søknad om gjennomgangsbustad
Søkjar må dokumentere å ikkje ha tilstrekkeleg inntekt, formue eller alternative løysingar som gjer søkjar i stand til å skaffe seg eigna bustad på eige hand. Ved særlege høve kan kommunen vurdere å gjere unntak.  

§ 15 Gjeld og tidlegare misleghalde leigeforhold
Dersom søkjar etter tidlegare leigeforhold har uoppgjort gjeld til Aurland kommune, kan kommunen avslå søknaden på grunnlag av dette. Kommunen kan stille som vilkår at det vert inngått avtale om nedbetaling av gjeld, dersom søkjar får positivt vedtak og søkjars økonomi tillet dette. Det kan også stillast vilkår om økonomisk rådgjeving, med føremål å gjere søkjar i stand til å komme seg ut på det ordinære bustadmarknaden.

Dersom husleige vert misleghelde, vil eventuell bustøtte frå Husbanken bli utbetalt direkte til Aurland kommune, jfr Forskrift om bustøtte.

Aurland kommune skal være særleg merksam på tilhøve som kan føre til risiko for tvungen fråviking, og så tidleg som råd innleie samarbeid med leigetakar med føremål å unngå dette.

§ 16 Tidlegare tilbod om gjennomgangsbustad
Dersom søkjar tidlegare har takka nei til tilbod om gjennomgangsbustad utan sakleg grunngjeving og det ikkje ligg føre endring i søkjar sitt behov for bustad, kan søknad om bustad verte avvist. Standard eller beliggenheit vert ikkje rekna som sakleg grunngjeving, med mindre tungtvegande helsemessige eller sosiale tilhøve tilseier dette.

Kapittel 4 Sakshandsaming og tildeling av bustad

§ 17 Søknad
Skriftleg søknad med naudsynt dokumentasjon vert sendt kommunen sitt postmottak. Kommunen sitt søknadsskjema skal nyttast og signerast at søkjar eller ander med skriftleg fullmakt. Dokumentasjon på dette må liggje ved. Søkjar samtykkjer igjennom søknaden i at kommunen kan hente inn og registrere opplysningar som søkjar sine økonomiske, helsemessige og sosiale forhold av betyding for søknaden. Alle personopplysningar vert handsama konfidensielt.

Ved ufullstendig søknad, uriktige opplysningar eller mangelfull dokumentasjon, kan søknaden verte avvist. Aurland kommune skal i så fall orientere søkjar om grunnlaget for at søknaden vert avvist, og gi naudsynt rettleiing i saka.

Søknad gjeld ikkje for flyktningar som blir busette for første gong av Aurland kommune, jfr vedtak om busetjing av kommunestyret.

§ 18 Vedtak
Grunngjeve vedtak skal fattast etter gjeldande retningsliner. Hovudregelen for gjennomgangsbustader i Aurland kommune er at det vert fatta vedtak om tidsavgrensa husleigeavtale. For visse typar omsorgsbustader vil husleigeavtala kunne være tidsuavgrensa.

Særreglane i husleigeloven om visse avgrensningar i leigetakar sine rettar, vil som hovudregel gjerast gjeldande ved tildelig av kommunal bustad. Heimel, Husleigeloven § 11-1.

Vedtaket skal innehelde lengde på kontrakt, tal rom, vilkår for tildeling av bustad, herunder eventuelle hjelpetiltak / oppfølging som vert vurdert som naudsynt for at søkjar skal meistre busitusajonen sin. Det skal skal informerast om at søkjar må akseptere eventuelle vilkår som vert stilt i vedtaket. Vedtaket om aktuelle tenenster vert fatta av aktuell faginnstans.

Ved avslag på søknad, skal vedtaket grungjevast. Alle vedtak skal inneholde informasjon om adgang til å klage.

§ 19 Prioritering av søkjarar
Tildeling av kommunal bustad skjer etter ei konkret heilskapleg vurdering av søkjar sine behov og situasjon. Ved fleire søkjarar til ledige kommunale bustader, skal det utarbeidast ein prioritering mellom dei kvalifiserte søkjarane. I prioriteringa skal ein leggje vekt på dei kvalifiserte søkjarane sitt behov og type bustad som er tilgjengeleg. Søkjarar som etter ei samla vurdering vert vurdert til å ha det mest påtrengjande behov for bustad, skal prioriterast. Det skal tas omsyn til at det ved enkelte former for bustader vert stilt særlege krav til sammansetningen av bebuarar.

Dersom egna bustad ikkje er ledig for prioriterte søkjarar på vedtakstidspunktet, skal søkjar førast opp på ein venteliste for den aktuelle bustad typen. Ventelista er ikkje i prioritert rekkefølgje. Det er ikkje adgang til å klage på denne avgjerda.

§ 20 Fornying av leigekontrakt
Leigetakar må søkje om fornying av leigekontrakt seinast seks / 6 månader før leigekontrakten løper ut. Tildeling av fornya leigekontrakt vert vurdert på same grunnlag som ny søknad.

§ 21 Depositum
Kommunen kan kreve depositum eller garanti for depositum, svarande til inntil tre / 3 månaders husleige. Garanti kan verte krev innfridd, eller depositum kan gå til dekning av manglande husleige, påførd skade på bustaden eller manglande vask ved utflytting.

§ 22 Søknad om bytte av bustad
Som hovudregel vert det ikkje gitt høve til bytte av bustad. Søknad om bytte av bustad skal vere grunngjeve, og søknaden vert vurdert på lik linje som ordinær søknad om bustad.

§ 23 Omgjering av vedtak
I saker der søkjar vert innvilga bustad, kan vedtaket gjerast om til avslag i følgjande tilfelle:

Søkjar avslår tilbodet utan sakleg grunngjeving

Søkjar gir uriktige opplysningar i søknaden som har hatt verknad for saken

Søkjar ikkje aksepterer eventuelle sakleg grunngjeve vilkår i vedtaket

Søkjar situasjon har endra seg frå søknadstidspunktet til tidspunkt for inngåing av kontrakt

Søkjar har skaffa seg bustad på eige hand

Søkjer har fått tilbod om alternativ bistand til bustad, og har takka ja til slik bistand.

§ 24 Klageadgang
Vedtak fatta med bakgrunn i retningslinene kan påklagast. Grunngjeve klage skal sendast avsendar. Klagefrist er 3 veker frå mottak av vedtaket.

Gjenstand for klage ved positivt vedtak, kan være boligens eignetheit av omsyn til type bustad og leigekontrakten lengde på 3 år. Standard på bustad og beliggenheit vert ikkje godteke som sakleg grunn for å klage, med mindre tungtvegande helsemessige eller sosiale tilhøve tilseier anna.

Ved avslag, kan søkjer påklage vedtaket grunngjeve i dei ovanfor nevnte kriterier. Vurderingar der skjønn er nytta og søkjar er vurdert opp i mot andre søkjarar, gir ikkje grunnlag for klage.

Klage vert sendt den instans som har fatta vedtaket.

For klage på kommunal gjennomgangsbustad, er klageinstans kommunalt klageorgan.

§ 25 Avgjerdsmynde
Rådmannen, eller den han tildeler mynde, har avgjerdsmynde i saker etter retningslinene.