Kjøkkenet lagar mat som blir tatt med til kjøkkenet ved avdelingane. Kvar avdeling har postkjøkken og eteplass der pasientane et i lag. Det vert også lagt vekt på å tilpassa måltid etter dagsform og ynske frå pasientane, til dømes kan ein ynske å ete frukost på eigen rom. Dei som har vedtak om matombringing får mat levert heim til seg av tilsette i heimebaserte tenester. Det er fokus på mat frå botnen av, som dei eldre kjenner til.

Måltid i avdelingane:

Frukost: 08:30
Lunsj:     12:00
Middag:  14:30
Kvelds:   18:00/18:30 (også sein kvelds til dei som ynskjer det)

Til lunsj blir det servert til dømes, suppe, omelett, pastasalat, laksemousse, smoothie, spekemat med potetsalat. Til middag er det norsk husmannskost med innspel stundom frå andre verdsdelar. Det blir servert kaffi med kake kvar dag.

Fødelsesdag blir feira i avdelinga og det blir då servert heimelaga bløtkake frå kjøkkenet.

Helsetunet har 4 festar kvart år: solfest i mars, sommarfest i juni, haustfest i september, og julebord i desember. På julebord har vi full julebuffet med blant anna ribbe, heimelaga pinnekjøtt, og heimelaga julepålegg som høyrer til jul, og vi syng julesangar. Til dei tre andre festane har vi kaffi og kake, mylse og snittar til kvelds, og festane blir arrangert med midlar frå Veums minnefond. Pårørande er også invitert. Festane blir arrangert i kantina på helsetunet. Kjøkkenet lagar mat tilpassa anledning, og i fleire år har vi vore heldige med at vi får besøk frå band som spelar musikk.  Til 17.mai lagar kjøkkenet rømmegraut og spekemat.

I tillegg til fest, har vi merksemd på å skape trivsel og hygge med aktivitet, musikk, vi pynter avdelingane til anledningane, og vi har både virtuelle og fysiske konsert. Kjøkkenet spelar ein viktig rolle i å skape god stemning med god heimelaga mat frå botnen av. Kjøkkenet har også merksemd på å lage tradisjonsmat som til dømes raspekaker, røykjekjøtt, kjøttkaker, fårikål, fleskesaus, rømmegraut, mylsa og mykje anna.

Kjøkkenleiar: Asbjørn Jordalen

Tildeling av matombringing:

Skjema for søknad om matombringing

Fullmaktsskjema

Dersom pårørande eller andre hjelper deg med søknaden, må du legga ved skriftlig fullmakt. Det same gjeld dersom andre henvender seg til kommunen på vegne av deg, er det viktig at du fyller ut fullmaktskjema.

Matombringing Meny - 2023

Veke 15
Veke 14
Veke 13
Veke 10
Veke 9
Veke 8
Veke 7
Veke 6
​Veke 5
Veke 4
Veke 3
Veke 2
Veke 1
 

Middag er til heimebuande som har vedtak om matombringing.