Alle kommunar skal ha eit Tuberkulosekontrollprogram som skal vere ein del av Smittevernplanen. Denne informasjonen ligg no tilgjengeleg på Aurland kommune si nettside under Smittevern .

 

Arbeidsgjevarar både offentlege og private i kommunen har eit særleg ansvar når arbeidskraft blir tilsett frå utlandet. Arbeidsgjevarar finn informasjon og skjema som nye arbeidstakarar skal fylle ut, og senda Aurland helsestasjon frå arbeidsgiver her.

Når arbeidstakaren er undersøkt for tuberkulose, kan den starte i arbeid. Særleg viktig er dette innan helse, barnehage og skule. For norske tilsette (som alt er i arbeid), men som er i utlandet meir enn 3 månader i land med høg førekomst av Tuberkulose, skal også undersøkjast for tuberkulose før dei starter opp att i arbeidet. Det kan i tillegg vere nødvendig med sjekk for MRSA for helsearbeidarar etter opphald i utlandet.

Smittevernlege
Helsesyster

Publisert: 27.01.2015

Vaksine ved utanlandsreise / reisevaksine

Har du spørsmål om vaksinering ved utanlandsopphald, ta kontakt med helsestasjonen for timebestilling. 

Helsesøster har heile tilbodet om informasjon om vaksine- og vaksinering før utanlandsreise. 

Ho har kompetanse på internasjonal reisevaksinering og smittevernarbeid.

Du betaler sjølv for det vaksinen kostar, og for konsultasjonen. 

Sjå også: Vaksinasjon ved utanlandsreiser - informasjon frå Folkehelseinstituttet

 

Vaksinering av russ

Fram til medio april er det høve til å få vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse for ungdom 17-19 år i Aurland.

Vaksinen er gratis for ungdom frå Aurland ( jamfør vedtak i OOK-012/13).

Dersom du tek vaksinen i anna kommune blir denne  refundert mot kvittering.  

Levèr då kontonummer og kvittering (med stempel) til helsestasjonen

Meir informasjon finn du her

Ta elles kontakt med helsestasjonen ved spørsmål:
Tlf.: 57 63 20 37 / 959 84 640


Publisert: 28.01.2015