Klimaplan og klimaarbeid

Aurland kommune er i gang med rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel. Kommunen sin klimaplan skal vere integrert i samfunnsdelen.

Vedteken kommunedelplan for energi og klima 2011-2020 

Klimakoordinator

Aurland, Lærdal og Årdal kommune, har eit felles samarbeid og kommunane delar på ein klimakoordinator. 

Oppgåvene som skal løysast er ulike i dei tre kommunane, men alle har har ei sams overskrift som handlar om klimaendringar, og korleis dei kan arbeida konkret for å møta utfordringane. Det vil seia kommunane sjølve som organisasjonar og som samfunnsutviklarar.

Utfordringane når ein ser på direkte klimagassutslepp, er dei ulike i dei tre kommunane. Aurland har større klimagassutslepp frå reiselivsverksemd enn dei andre to, Lærdal har over halvparten frå vegtrafikk og meir frå landbruksverksemd. I Årdal kjem mesteparten frå industrien.

Når det handlar om koordinering av klimaarbeid, vil det kunne vera på tvers internt i organisasjonen eller utad overfor næringslivet, lag og organisasjonar eller innbyggjarar.

I Aurland kommune vert arbeidet i startfasen knytt til innsatsen i kommuneplanarbeidet, der klima vert integrert som tema.