Vil du kome til Aurland? Vi har eit lite og trygt lokalsamfunn med moglegheiter både for store og små. Ønskjer du deg eit variert og aktivt liv er Aurland eit stad for deg! Her har me eit godt og breitt tilbod om turar, jakt, fiske, boksing, skyting, klatring, symjing og trening i idrettshall, alt i en og same kommune. I tillegg til dette har vi fine restaurant, kafe, bakeri og bryggeri. Helsetunet ligg sentralt i Aurland kommune med vakker utsikt til fjord og fjell. Helsetunet har 24 plasser fordelt på 3 avdelingar, 8 av plassane er for personar med demenssjukdom. Vi har lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar og utstyr. Her har me eigen kjøkken som lagar godt og næringsrikt tradisjonsmat frå botnen av. Hjå oss får du kjekke kollegar i eit inkluderande og fleirkulturelt arbeidsmiljø. Er du interessert i å vere med på å utvikle tenestene våre? Då kan dette vere jobben for deg!

Aurland helsetun
har ledig ei fast 75 % stilling frå 01.02.2022

Arbeidsoppgåver
- ivareta pasientane sitt grunnleggjande som behov for mat og måltid, aktivitet, samtalar og støtte,   samt hjelp til å oppretthalde funksjon eller ytterlegare fall i funksjon
- dokumentasjon i journalsystemet Gerica
- tverrfagleg samarbeid 
- medikamentutdeling etter bestått medikamentkurs

Kvalifikasjonar
- du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar
- du må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- evne til å jobbe sjølvstendig, reflektere, vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner
- det vert lagt vekt på at ein kontaktar brukar med respekt og vere lydhøyr overfor brukar sine ynskjer og behov
- ha IKT kunnskap

Me søkjer deg som
Som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Har du evne til å vere audmjuk, er fleksibel og løysingsorientert? Vi legg stor vekt på personleg eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Vi voner du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert og interessert i faget. Det er eit pluss om du speler instrument. Liker du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringa? Er du ei som brenn for faget - då ynskje vi deg på vårt lag!

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Det blir stilt krav om ny politiattest jf. helsepersonellova.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Søknadsfrist    12.12.2021                                 Utlyst dato        25.11.2021                           Vårref                  796

Kontaktperson

Ingrid Finden Bekkedal, Avdelingsleiar, mobil: 95984639, ingrid.bekkedal@aurland.kommune.no