Dei fleste av oss er pårørande i løpet av livet, fordi vi står nær nokon som har psykisk eller fysisk sjukdom, funksjonsnedsettelse eller andre ting. Du kan være eit familiemedlem, ein venn eller nabo. Du kan ha rolla som pårørande ein kort periode eller heile livet.

Det å vere pårørande kan innebere mykje ansvar, vanskelige følelsar, val og kan vere tungt og vanskeleg.  

Generell rettleiingsplikt

Kommune har eit generell rettleiingsplikt ovanfor deg som pårørande (forvaltningslova § 11), det vil si at alle som har behov for det, skal få nok informasjon til å kunne ivareta rettigheitane og pliktane sine.

Generell informasjon / rettleiing til pårørande krev ikkje samtykke frå tenestemottakar og helsepersonell bryt ikkje teieplikta ved å gi pårørande generell informasjon til dømes:

  • kontaktinformasjon og tilsette
  • rutinar og tilbod ved pleie og omsorg
  • generelt om årsaker, symptomer, behandling og prognose
  • aktuell regelverk, sakshandsaming og rettigheter
  • tilbod til pårørande
  • informasjon og brukar- og pårørande organisasjonar

Døme på meir spesifikk informasjon som krev samtykke frå tenestemottakar

  • diagnose og symtom
  • resultat frå undersøking og utredning
  • behandlingstiltak og oppfølgingsplanar

Kvar tenestemottakar avgjer sjølv kven er nærmaste pårørande. Dersom tenestemottakar samtykker eller forholda tilseier det, skal nærmaste pårørande ha informasjon om tenestemottakar sin helsetilstand eller helsehjelpa som blir ytt. (pbrl § 3-3). Nærmaste pårørande har også andre rettigheter enn andre pårørande når det gjeld informasjon, samtykke, journalinnsyn og klage. Det er viktig at pårørande har forståing og respekt for tenestemottakar si avgjerd om kven som er nærmaste pårørande, og at helsepersonell ikkje har plikt til å informere alle pårørande som er nemnt i  pbrl § 1-3b.

Fullmakt

Dersom pårørande eller andre hjelper med søknaden om tjenester, eller henvender seg til kommunen på vegne av tjenestemottakar, er det viktig å fylle ut skriftlig fullmaktskjema.  

Nyttig informasjon og lenkar:

Framtidsfullmakt
Vergemål.no
Pårørandesenteret.nonettsted for deg som er pårørande
Demenslinjenhar du spørsmål eller bekymringar knytt til demens?
Ventesorg - ressursplattform for mennesker som er berørt av ventesorg
Kreftforeningen - rådgivningsteneste
Helsedirektoratet - rettleiiar til pårørande i helse og omsorgstjenesta
Helsedirektoratet – pasient og brukarrettigheitlova med kommentarar
Pasient og brukarombodet
Pårørandealliansen.no