Sjekke først

  1. Snakk med naboen din eller den det gjeld
     
  2. Sjekk i saksinnsyn om det er gitt løyve til arbeidet. 
    Her kan du sjekke i offentleg postlista. Om du ikkje finn det i postlista kan du ta kontakt med på oss på post@aurland.kommune.no
     
  3. Sjekk om tiltaket kan vera unntatt søknadsplikt.
    Hjå direktoratet for byggkvalitet (DIBK) kan du sjekke kva som ikkje er søknadsplikt.
     
  4. Meld frå dersom du ikkje finn at det er gitt løyve, og du har mistanke om at arbeida er ulovleg.
     
  5. Ikkje alle tilfelle er regulert av plan- og bygningslova
     
  6. Dersom førespunaden gjeld til dømes gjerder, hekk eller tre vil det mest sansynleg regulerast av naboloven eller grannegjerdeloven og kommunen har ikkje mynde til å treffe avgjerd i desse sakene.

Slik meld du ifrå

Dersom du mistenke at abriedet er ulovleg og utan løyve, melder du det inn via eDialog, eller via e-post: post@aurland.kommune.no

Merk melding med "mogleg ulovlegheit". 

Du kan også sende inn meldinga via elektronisk skjema her.

For at me skal kunne vurdere om tiltaket er uloveleg eller ikkje, treng me fylgjande dokumentasjon

  • skildring av det mogleg ulovlege bygget
  • adresse eller gard og bruksnummer til bygget
  • marker bygget på kart (her kan du bruka kommunekart)
  • bilete av bygget

Me gjer merksam om at all informasjon via eDialog og e-posten vil væra offentleg og tilgjengeleg på kommunen sine nettsider i saksinnsyn. Ynskjer du å vera anonym må du sende anonymt brev per post til Aurland kommune. 

Akutt fare for liv og helse

Dersom det er akutt fare for liv og helse ring oss på telefon: 57 63 29 00 (dagtid 08:00 - 15:30)

  • Vakttelefon kveld (utanfor kontortid) - 959 84 600

Fare for live og helse kan gjelda
- Lause bygningdelar som kan falla ned
- Søttemurar i svært dårleg forfatning
- Andre bygningsmessige forhold som kan skade personar 

Behandling av melding

Dersom byggesakshandsamar finner ut at det dreier seg om ein ulovlegheit etter plan- og bygningslova, vert det oppretta ein sak, og vi kontakter eigaren av eigedomen.

Kva kostar det?

Det er ikkje gebyr for handsaming av melding ulovleg byggetiltak.

Kva skjer når kommunene vert kjent med eit ulovleg tilfelle?

Om kommunen finn grunn til å undersøkje saka vil den ansvarlege bli kontakta av kommunen. All vidare saksgang vil vere ei sak mellom kommunen og den ansvarlege for det ulovlege tilfellet.  

Når kommunen har undersøkt saka vil du som ansvarleg få eit brev om vidare oppfølging. I brevet vert det gitt informasjon om kva som er ulovleg.