Lag og organisasjonar i Aurland kommune får no eit nytt verktøy for å finne fram i jungelen av støtte- og tilskotsordningar, der det er mogleg å søkje om pengar - "Tilskuddsportalen".

Portalen er og eit verktøy for kommunen når det gjeld § 5 i Kulturlova som seier at:
 ” Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.”
Tilskuddsportalen fungerar slik at lag og organisasjonar med adresse i Aurland kommune  tastar inn namn, e-post  og organisasjonsnummeret sitt frå nettsida. Når dette vert godkjent, får brukaren i løpet av kort tid ein e-post med lenkje til portalen.
Ulike val inne på portalen:
·         få oversikt over tilskot inndelt etter type, og ein kan gå inn på sitt/eit interesseområde
·         sjå i kalenderen – finne fristar
·         lese nyhende om tilskotsordningar