I møte 1. november vedtok styringsgruppa to løysingsforslag som NAV kontora i regionen i samarbeid skal prøve ut i 2022:

  • Regionalt inkluderings- og rekrutteringsteam

Teamet skal dekke heile regionen og ha tett kontakt med næringslivet slik at vi har oppdatert kunnskap om behov for arbeidskraft og kva kompetanse dei treng i dag og framover.  Dette er viktig slik at NAV kan formidle ledige raskt og effektivt til ny jobb raskt, men også i høve kva opplæringstiltak som er nødvendige.

  • Regionalt kompetanseteam ungdom

Styringsgruppa peika på ungdom som ei særleg viktig målgruppe i regionen.  Også hjå oss strevar mange unge med å gjennomføre skule og klare overgang til jobb.  Vi ønskjer at dei unge skal får gode tenester og bistand på veg til utdanning og jobb. Teamet skal bidra til at vi møter dei unge på ein god måte, nyttar oppdatert kunnskapsbasert metodikk og deler dette med alle som arbeider med ungdom hjå oss.

På slutten av 2022 skal vi vurdere korleis vi har lukkast i høve dei måla vi har sett oss.  Dette vil vere grunnlaget for avgjerd om arbeidsmåten som er utprøvd blir del av ordinær drift etter prosjektperioden.
Utviklingsprosjekt NAV region Sogn