Meny
Lukk

Byggeskikk og istandsetting av hus i kulturlandskapet

Gardstun, husmannsplassar, stølar og enkeltståande bygningar, som utløer og naust, er viktige kulturminne og opplevingselement i landskapet. Desse er viktige å ta vare på. Les og sjå film for gode tips.

På høgdegarden Nedbergo i Nærøyfjorden er eit gamalt uthus flott restaurert. Foto: Harald Skjerdal.

Film om tradisjonell byggeskikk

I denne filmen er det henta gode døme på byggeskikk i Stølsheimen og Nærøyfjorden.

Kvifor er det viktig å ta vare på gamle hus?

Dei gamle bygningane og kulturmiljøa er vår felles kulturarv. Dei bærer med seg viktig kunnskap og tradisjonar som er verdt å ta vare på for framtidige generasjonar. Dei gamle bygningane gir perspektiv til det storslåtte landskapet og fortel ei viktig historie om bruken av naturen.

Det er også eit viktig miljøaspekt ved å ta vare på gamle bygg. Dei er bygd av lokale ressursar som tømmer, torv og stein, som ofte har betre kvalitet enn nyare materiale. Dei er tilpassa klimaet der dei står, og difor er gjenbruk av eksisterande materiale ofte det beste.


Les Riksantikvaren sitt faktaark med praktiske råd om tilpassing av eldre bygningar til klimaendringar.
External link icon

Avveging mellom bruk og vern

For at bygningar skal bli tatt vare på for framtida er det viktig at dei blir brukt. Samtidig kan ny bruk føre med seg nye krav til komfort, som kan vere vanskeleg å foreine med tradisjonell byggeskikk. Krav til betre komfort kan likevel løysast om ein forstår korleis huset er sett saman og kva tiltak som er nødvendige. Slik kan ein også halde på kvalitetane og opplevingsverdiane som ligg i husa.

Les om tradisjonelt stølsliv og byggeskikk i det gamle heftet Stølar og stølsdrift i Hordaland og Sogn og Fjordane
External link icon

Skal du sette i stand eit gamalt stølshus eller anna bygg i verneområdet?

Då er det mange ting å ta omsyn til, og regelverket kan oppfattast som strengt. Ta kontakt med verneområdeforvaltarane tidleg, så kan dei lose deg gjennom prosessen og gje gode tips.

I verneområda må du søke både verneområdestyret om løyve etter verneforskrifta, og kommunen om løyve etter plan og bygningslova.

Ta kontakt med din kommune for hjelp til korleis du søker kommunen om løyve.

Søk Nærøyfjorden verneområdestyre om løyve her.
External link icon
Søk Stølsheimen verneområdestyre om løyve her.
External link icon
Uteløe på Stokko i Nærøyfjorden landskapsvernområde som viser restaurering der berre delar av kledningen er skifta. Foto: Anbjørg Nornes.

Kva tiltak er lov utan å måtte søke?

Vanleg vedlikehald som ikkje fører til vesentlege fasadeendringar og er i tråd med tradisjonell byggeskikk på staden, kan gjennomførst utan å søke. Med dette meinast enkle reparasjonar på bygget utan å endra den ytre utsjånaden på bygget. Vanleg vedlikehald er t.d.

- Skifte ut dårlege bord i kledningen
- Skifte takplater, utan å skifte heile taket
- Enkel reparasjon av grunnmur

På Negardstølen i Stølsheimen er dei dårlege borda i kledningen skifta ut. Foto: Nils Kvamme

Kva tiltak krev søknad?

Alt vedlikehald som fører til endring av fasaden er søknadspliktig. Dette gjeld til dømes:

- Nye eller større vindauge eller skifte til annan type vindauge
- Heving av tak, større takutstikk, ny taktekking
- Byte til annan type kledning.
- Påbygging, ombygging eller riving av bygningar

Oppføring av nye bygningar, også små bygg som utedo o.l. er søknadspliktig.

Vanlege feil du bør unngå

Her har vi samla Seks vanlege feil du bør unngå ved istandsetting av hus i Nærøyfjorden og Stølsheimen landskapsvernområder.

Riksantikvaren har mange gode byggetips på si side med gode råd for å ta vare på gamle hus.
External link icon

Jamleg vedlikehald er det beste

Passar du på å skifte dårlege bord i kledningen, halde taket tett og grunnmuren i orden, kan eit gamalt bygg stå i generasjonar. Då slepp du både store restaureringsprosjekt og omfattande søknadsrundar.

Om forfallet er kome so langt at større tiltak ikkje er til å unngå, er det beste for bygget om det blir satt i stand etter antikvariske prinsipp.

Antikvarisk istandsetting krev kunnskap om tradisjonell materialbruk og tradisjonshandverk. Det tilet ikkje store endringar på fasaden. Det kan ofte vere dyrare og meir arbeidskrevjande enn å bruke moderne metodar, men det er også lettare både å få løyve til tiltaket og midlar til arbeidet.

Les meir i Rettleiar for antikvarisk istandsetting.
External link icon
Steinsel på stølen Solrenningane i Stølsheimen, restaurert etter antikvarisk prinsipp. Foto: Jorunn O. Vallestad

Kor kan du søke om midlar?

Vernområdestyret har ikkje moglegheit til å støtte restaurering av bygningar økonomisk, men det er fleire andre stadar du kan søke om midlar.

Fylkeskommunen
Fylkeskommunen har ein tilskotsordning for verna kulturminne med regional verdi. I tillegg har dei ein eigen tilskotsordning for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Restaureringsplan for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden er retningsgjevande for fylkeskommunen si handsaming av tilskot i verdsarvområdet. Meir info

Kulturminnefondet
Tilskotsordninga er eit tilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Det er fortløpande handsaming av søknadar. Meir info

Norsk Kulturarv
Kan gje støtte til kulturminne gjennom «Ta et tak»-aksjonen. Meir info

SMIL-midlar (tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket)
Har du ein landbrukseigendom der det foregår tilskotsberettiga jordbruksproduksjon kan du søke om midlar til istandsetting eller sikring av kulturminne. Meir info

Private fond
Ein del private fond gjev også tilskot til istandsetjing av kulturminne som har ein allmenn nytte, som til dømes Stiftelsen UNI.

Få hjelp til å søke

Du kan ta kontakt med aktørane bak dei ulike tilskotsordningane for å få hjelp til søknadsprosessen. For meir generelle spørsmål kan du spør verneområdeforvaltarane.

I Nærøyfjordområdet kan Nærøyfjorden verdsarvpark hjelpe deg med å søke om midlar. Ta kontakt med Gry Mørk på e-post: gry@naroyfjorden.no