Kulturmidlane skal ha som føremål å støtte opp om kulturarbeidet som vert drive av frivillige lag, organisasjonar og einskildpersonar. Det skal leggjast tilrette for å skape aktivitetar og å gje høve til eit allsidig og omfangsrikt kulturliv i heile kommunen.
- Aurland kommune prioriterer tiltak som er retta mot barn og unge
- Det er ei fast hovudtildeling av midlar ein gong i året
- Rådmannen tilrår, og Levekårsutvalet gjer endeleg vedtak
- Det kan søkjast om tilskot til drift, særskilde tiltak/prosjekt, lagsverksemd og utbetring av forsamlingshus og utandørs aktivitetsanlegg
- Det må leggjast ved dokumentasjon på kva førre årets tildelte kulturmidlar er brukt til. Dette kan gjerast i samband med rekneskapen eller som eit eige vedlegg.
- For å kunne få støtte til kulturmidlar er det eit minimum at årsmelding og rekneskap ligg ved søknaden
Retningsliner finn du her, eller ved kultureininga på Heradshuset.
Søkjarar må nytte elektronisk søknadsskjema, gå til søknadsskjema her. Ta kontakt med kultureininga dersom de treng hjelp til utfyllinga. Det er viktig at både søknad og vedlegg kjem inn samla, og til rett tid.
- Søknadsfrist 15. mars
- Søknadsfristen må haldast