Sending av nabovarsel

  • Skjema for nabovarsel og kvitteringsliste finn du her.
  • Du kan varsle digitalt. Du kan finn informasjon om dette her.
  • Digital varsling for firma finn du her.

Kva har naboen din rett på?

Naboen din har rett til å uttale seg om dine tiltak, og korleis det kan på verke dei. Nabo skal ha minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket. Naboane skal sende sine uttalelsar (merknadar) til deg. Du kan kommentere eller gjere endringar av søknaden på bakgrunn av uttalane.

Nabovarsel i byggesøknad

I byggesøknaden kan du leggje med følgjande 

  • Ein kopi av nabovarselet
  • Ei kvittering som viser at naboane har motteke varselet
  • Eventuelle merknadar frå naboane
  • Eventuell grunngjevnad for at naboane ikkje er varsla

Naboliste

Du kan og få kopi av nabolister frå kommunen. Dette gjeld personar eller føretak som skal byggje. Ta kontakt med post@aurland.kommune.no