Ferdigattesten er ikkje ei stadfesting på tiltakets tekniske kvalitet, men stadfesting på at bygningsmyndigheita har avslutta saka. Når ferdigattesten skal utsendast lang tid etter ferdigstilling så vil verdien av attesten, som bekrefte at bygget har dei riktige kvalitetar, naturleg nok vere svekka. Eventuelle byggefeil og manglar må i utgangspunktet tas opp med utbyggjar / dei som har hatt aktuelle ansvarsrettar der feilen er oppstått. Det er diverre sånn at ein del byggetiltak manglar ferdigattest. Mange opplever denne problemstillinga når hus skal selgast / kjøpast. Det er utfordrande å få ferdigattest i ettertid til tiltaket som er oppført / bygget for lang tid tilbake, der dei ansvarlege kan ha avslutta byggesaka utan å be om slik attest. Desse retningslinjene gjeld for bygg som er godkjent av bygningsmyndigheitene (der det er søkt og gjeve løyve), men der det ikkje er utsendt ferdigattest på bygget. Det gis ikkje ferdigattest for ulovleg oppførte bygg.

Bygg godkjent etter 1997
Dette gjeld søknadar i perioden 01.01.1998 – 01.07.2010. Det er kun gjeve rammeløyve. Dersom rammeløyve er falt bort (etter 3 år), må det søkjast på nytt etter dagens regelverk. Eksisterande teikningsgrunnlag kan leggjast til grunn, føresetnad om at det ikkje er skjedd endringar ved tiltaket eller i området.

Når kan eg søke om ferdigattest?
Når du søker om ferdigattest stadfestat du at du har bygd i samsvar med den godkjente byggesøknaden din, og i tråd med plan- og bygningslova sine krav.

Blei det du bygde heilt likt det du fekk løyve til?
Då treng du kun å fylle ut denne blanketten, og treng ikkje å legge ved nokon vedlegg.
Gjeld det eit bygg til opphald (bustad eller fritudsbustad), så venlegst fyll ut dette skjemaet i tillegg, for matrikkelføring.

Blei det du bygde annleis enn det du fekk løyve til?
Då må du fyrst finne ut om endringane er så store, at kommunen krev at du må nabovarsle og søke på nytt. Meiner kommunen at avviket er så lite at det ikkje har noko betydning for korkje løyvet ditt eller naboane? Då må du legge ved vedlegg som dokumenterar avviket. Dette kan til dømes vere ein oppdatert fasadeteikning som syner at vindauga blei mindre enn planlagt.