Det er ulike regelverk ved parkeringsgebyr og kontrollsanksjon:

Om ein klagar på eit parkeringsgebyr skal ein betale innan fristen sjølv om ein sender inn klage. Om klagen vert ettergjeve vil pengane overførast til klagar.

Om ein klagar på ein kontrollsanksjon treng ein ikkje å betale før klagen er vurdert. Den nye fristen for betaling vert tre veker etter svar. 

Om ein ynskjer å ta klagen vidare, skal parkeringsgebyr til tingretten, det kan gjerast gjennom kommunen.
Kontrollsanksjon vert vurdert hjå parkeringsklagenemnda.

Eksempel på vanlege grunngjevingar der ein IKKJE får medhald i klage

Skreve feil i easypark
Med nye moglegheiter kjem nye problem! Om du har skreve feil registreringsnummer i easypark, eller om du har trykka på feil bil i easypark, så vil du få ein kontrollsanksjon under kontroll.
Dette kan opplevast som urimeleg. Under kontrolltidspunktet er ikkje bilen registrert. Ein kan snu på situasjonen, og seie at ein skal ha forståing for det har førekome ein glipp. Då legg det til rette for at alle bilar som ikkje er registrert eller betalt for kan tolkast til å ha gjort ein feil. Då vert det umogeleg å etterprøve om parkering har førekome etter vilkåra.

Betalte etter at bota kom
Under slike tilfelle har kommunen ein streng policy. Om du betalar med easypark eller ved automat vil du truleg sjå parkeringsvakta og slike situasjonar vert avverga. Det me tenker er ei naturleg forklaring under desse klagane er at ein har gått frå parkeringsplassen for så å betale i ettertid. Parkeringsforskrifta spesifiserer at ein skal registrere/betale omgåande etter parkering. Om du nyttar easypark skal betaling førekome når du framleis er ved bilen. Ein har ikkje høve til å forlate parkeringsplassen før registrering har blitt utført.

Måtte veksle først

Fekk ikkje betalt med kort/easypark
I slike situasjonar er det mange som tenkjer at det er greitt å ikkje betale. Det er ikkje korrekt. Bankkort og Easypark er tilleggsalternativ ein kan nytte. Dei er der for brukarar sin del, ikkje for kommunen. Det tvungne innkrevingsmiddelet i Noreg er mynt og seddel. Difor er kommunen pliktig til å gje brukarar kontant som moglegheit. I tilfelle for parkering er det mynt som vert nytta. Det betyr og at om eit tilleggsalternativ ikkje fungerer skal ein nytte mynt.