Når born opplever at mor, far eller andre nære pårørande vert alvorleg sjuke kan det oppstå store og vanskelege endringar i barnet sitt liv. I Aurland, Lærdal og Årdal er det no etablert ei ressursgruppe som kan vere til hjelp og støtte i slike vanskelege situasjonar.

Det er helsesyster som er kontaktperson i den nye ordninga, som er etablert i tett samarbeid mellom kreftkoordinator Linda Mannes og helse og omsorgseiningane i kommunane Lærdal, Årdal og Aurland.