Kor kan du parkere og kva kostar det?

Kart over parkering i Aurland kommune 

Kartet visar dei kommnale parkeringsplassane i Aurland kommune. Kartet er veiledande og endringar kan skje. Sjekk alltid skilta der du står parkert.

Kart over parkering

Takstsone og prisar

I kartet er dei forskjellige takstsonene markert med lillafelt og gultfelt. Dei følgjande prisane er: 

  • Lillafelt 40 kr per time.
  • Lillafelt 200 kr per dag
  • Lillafelt 700 kr per veke.
  • Lillafelt 2000 kr per månad. 
     
  • Gultfelt 25 kr per time.
  • Gultfelt 125 kr per dag.
  • Gultfelt 500 kr per veke.
  • Gultfelt 2000 kr per månad

Når må du betale for parkeringa?

Du må betale for å parkere på kommunale parkeringsplassar der det er skilta. Dersom parkeringsskiltet har eit underskilt som viser klokkeslett, gjeld skiltet kun i angitt tidsone:

  • Svarte tall måndag til fredag 
  • Svarte tall i parantes: laurdag
  • Raud tall: søndag, heilligdag og offentleg høgtidsdag

Korleis betale for parkeringa?

Du kan betale for parkering på ein parkeringsautomat eller med app.

For å betale med din telefon, last ned EasyPark appen, velg din posisjon, eller skriv inn koden som står på parkeringsautomaten.

Kva er innbyggjarløysing?

Dersom du er folkeregistrert i Aurland kommune, kan du betala ein sum for eit år for parkering. Prisen er 100 kr per bil, og kortet gjeld for eit heilt år.

Med innbyggjarløysinga treng du ikkje å registrer bilnummeret ditt på betalingsautomatar eller i easypark appen. 

Innbyggjarløysinga er gjeldande for alle kommunale parkeringsplassar i Flåm, Aurland og Vassbygdi.


Steg for steg, slik skaffar du deg innbyggjarløysinga 

  1. Logg deg inn med ID-porten
  2. Trykk på "søk om tillatelse"
  3. Skriv inn din bustadsadresse
  4. Skriv inn registeringsnummeret på bilen
  5. Trykk på "Betal nå" 
  6. Betale med ditt bankkort. 

Dersom du ikkje har BankID må du komme innom rådhuset. Her vil du få utdelt eit skjema som du leverar til oss slik at me kan få bilen din registrert. Hugs å ta med deg registreringsnummeret på bilen. 

Kan bedrifter få innbyggjarløysing?

Dersom din bedrift har adresse i Aurland kommune har du rett på parkeringsløysing som Aurland kommune tilbyr sine innbyggjarar.

Personar som ikkje er folkeregistrert i Aurland kommune men som har bedrift registrert i kommunen, kan dessverre ikkje nytte seg av den digitale løysinga. Me ber deg derfor om å fylle ut skjema slik at me kan registrer bilen/bilane inn i systemet vårt.

Du vil deretter bli tilsendt ein faktura frå Aurland kommune på kr 100,- per bil.

Send det utfylte skjemaet til aurlandparkering@aurland.kommune.no

Du finn også skjemaet i resepsjonen på rådhuset. Du er hjarteleg velkommen innom oss så vil me hjelpe deg.