Før du sender byggjesøknad til kommunen kan du bestille førehandskonferanse. Kommunen skal kalle inn til førehandskonferanse i løpet av 14 dagar. Føremålet med førehandskonferanse er å finne ut kva slags lover og krav som gjeld for byggjeplanane dine. Typiske spørsmål kan vere:

  • føresegner i reguleringsplan,
  • behov for dispensasjon,
  • krav om ansvarleg føretak,
  • krav om uavhengig kontroll,
  • uttale frå andre myndigheiter
  • forhold til veg/adkomst,
  • VA-trasé,
  • landbruk, miljø eller næring

Førehandskonferansen må ikkje forvekslast med sakshandsaming, og vi gjer ikkje vedtak i ein førehandskonferanse. Kommunen har ansvar for å skrive eit kort referat etter førehandskonferansen.
 

Du kan bestille førehandskonferanse ved å sende ein e-post til post@aurland.kommune.no

Papirbaserte skjema finn du på direktoratet for byggkvalitet sine heimesider.

Bestillingsskjema kan sendast elektronisk via kommunen sin søkjeportal eller på e-post til post@aurland.kommune.no eller vanleg post til postadresse:

Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Gebyr for førehandskonferanse 2022 er:

AO 5svR 2XUAAAAASUVORK 5CYII=

For fullstendig oversikt over gebyrsatsar 2022, sjå her.