Dette bør du sjekke før du melder inn ulovleg tiltak:

1. Snakk med naboen din først. Spør om naboen har fått løyve til det som vert bygd, eller om det som vert bygd er unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova.

2. Høyr med arkivet i kommunen om det ligg føre ein byggesøknad knytta til eiendommen og tiltaket. Dersom du ynskjer innsyn i ein byggesak kan du sende ein e-post til post@aurland.kommune.no og be om å få tilsendt ein kopi av dokumenta.

3. Sjekk om tiltaket er unnateke søknadsplikt.

Hos Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) kan man sjekke hva som ikke er søknadspliktig: https://dibk.no/bygge-selv/dette-kan-du-bygge-uten-a-soke/

Meiner du at tiltaket framleis er ulovleg etter at du har gjort desse undersøkingane, kan du melde inn høvet til kommunen.

Slik melder du inn ulovleg tiltak:

Dersom du mistenker at arbeidet er ulovleg og utan løyve, melder du frå om ulovlegheita til post@aurland.kommune.no. Marker e-posten med "mogleg ulovlegheit". 
Dersom byggesakshandsamar finner ut at det dreier seg om ein ulovlegheit etter plan- og bygningslova, vert det oppretta ein sak, og vi kontakter eigaren av eigedomen.

Vi gjer merksam om at all informasjon i e-posten vil være offentleg og tilgjengelig på kommunen sine nettsider i saksinnsyn. Ynskjer du å vere anonym, må du sende anonymt brev per post til Aurland kommune.

For at vi skal kunne vurdere om tiltaket er ulovleg eller ikkje, treng vi at du sender inn fylgjande dokumentasjon:

  • skildring av det mogleg ulovlege tiltaket
  • adresse for tiltaket eller gards- og bruksnummer
  • marker tiltaket på eit kart
  • bilete