Gjeldande salstid i Aurland kommune

Sals - og skjenkjetid er utvida til maksimalt av kva alkohollova tillèt.

Den generelle sals- og utleveringstida for øl i Aurland kommune vert sett frå 08:00 til kl. 20.00 på kvardagar. På dagar før sun- og helgedagar skal salet slutta kl. 18.00.

Gjeldande skjenkjetid i Aurland kommune

Den generelle skjenkjetida for øl og vin (gruppe 1 og 2) frå klokka 06:00 til 03:00
Den generelle skjenketida for sprit (gruppe 3) frå klokka 13:00 til 03:00 

Den generelle skjenkjetida for skjenking ute vert fastsett til kl. 03:00.

Skjenkearealet skal være eit klart avgrensa område som er tydeleg merka og som hovudregel direkte knytt til restaurant / serveringsstad.

Skjenkjereglar:

Verksemder som har løyve til å skjenkje brennevin, kan skjenkje på heile sitt skjenkjeområde – både inne og ute.

Retningslinjer for sal og skjenking av alkoholhaldig drikk. Alkoholpolitisk handlingsplan - Løyveperioden 2024 – 2028 (pdf)