Statuttar for Aurlandsprisen
For tildelinga av Aurland kommune sin Aurlandspris gjeld følgjande reglar:

1. Det kan kvart år delast ut ein pris til ein einskildperson, verksemd eller lag/gruppe som har gjort ein spesiell innsats for å markere kommunen ved å ha profilert lokalsamfunnet på ein positiv måte eller gjort ein spesiell innsats for Aurland.

2. Kommunestyret delegerer til Levekårsutvalet å avgjere om prisen skal delast ut og kven som skal få han. Aurlandsprisen vert normalt overrekt av ordførar på siste kommunestyremøte før jul.

3. Prisen vert utlyst i pressa i september og oktober, med oppmoding til innbyggjarane i kommunen om å kome med grunngjeve framlegg til prisvinnar innan ein fastsett tidsfrist. Framlegg som manglar grunngjeving, vert ikkje vurderte.

4. Aurlandsprisen skal tildelast ein person, ei verksemd eller eit lag/ ein organisasjon som har lagt ned ein stor innsats gjennom lagsarbeid, verdiskaping, vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer, lokalhistorisk arbeid, kunstnarleg verksemd eller arbeid for born og ungdom.

5. Storleiken på prisen er i utgangspunktet på kr 10 000, og vert fastsett i kvart årsbudsjett.

6. Prisvinnaren skal ha ein diplom med ei kort grunngjeving for pristildelinga i tillegg til pengesummen.

7. Etter at første utdeling av Aurlandsprisen 2012 er gjort, vert kandidatar som det er gjort framlegg om dei to føregåande åra, tekne med i vurderinga.